Berre så det er sagt: Eg har ikkje noko mot innvandrarar frå Pakistan.

Den siste tida har det rasa ein mål— og språkdebatt i landet. Her i avisa tok den påtroppande sjefen for norsk språk, sogningen Sylfest Lomheim, eit oppgjer med riksavisene som nektar nynorskbrukande journalistar å bruke sitt eige skriftspråk. I same snuen rosa han ei stor avis på Vestlandet for nettopp å nytte begge skriftformene. Mediemeinar Henrik Færevåg meiner derimot same avisa er ein språkleg lapskaus. Hadde han vore redaktør ville det ikkje vore nynorsk i BT. - Ikkje ein gong om det så hadde snøa oppover, som han sa det. I Oslo vil byrådet ha vekk undervisning i sidemål, les nynorsk. Og det trass i at Stortinget for knapt 14 dagar sidan kontant avviste eit framlegg om å fjerne sidemålet. Sjølvsagt mot røystene til Framstegspartiet, som også hadde stilt forslaget.

Meir enn noko skapar språk identitet. Ein normalt utrusta austlending greier utan vanskar å skilje vestlendingar frå nordlendingar. Folk i Sogn og Fjordane finn lett ut om du er frå Nordfjord eller Sunnfjord. Indresogningane høyrer straks om du kjem frå Vik eller Årdal. Dei verkeleg dyktige kan nesten finne gards- og bruksnummeret ditt, berre ved å høyre på deg nokre minutt.

Når språk er så definerande for eigen personlegdom, kan det også bli brukt mot deg. Ei kvinne frå mine heimtrakter fortalde ein gong om korleis ho opplevde eit skuleår i ein småby ved Mjøsa. Tenåringen blei erta for talemålet. Ho blei så skjemd over dialekten, at ho gjekk i språkleg eksil. Det var eit år utan tale. Til nyleg har den norske staten drive regelrett språkmobbing. Vi skal ikkje langt tilbake i historia før samane blei nekta å bruke samisk. Norske styremakter visste så vel at skulle samisk eigenart trakkast under hælen, måtte fremste kulturberaren undertrykkast. Knapt noko er meir krenkjande og øydeleggjande enn å bli hetsa for målet.

I dag er det mindre akseptert å mobbe for måten å snakke på. Men mekanismane finst framleis. Undertrykkinga av minoritetsspråk, anten det er tale eller skrift, er solid plassert i hjernebarken, nær nerven som hyser redsla for å bli utstøytt.

Kor sterkt det framleis ligg ankra, er knotarane mellom oss talande bevis på. Vi har å gjere med personar som titt og ofte står fram både i radio og fjernsyn. Eg kunne hatt lyst til å nemne dei med namn, men skal nøye meg med å slå fast at mellom fleire på knotetoppen finst både ein generaldirektør, ein talsmann i eit departement, ein sjefredaktør i eit glossy vekeblad og ein informasjonssjef for ein tobakksfabrikk. Mellom kamelane dei har valt å svelgje for å nå toppen, er språket.

Men sjølv om dei etter beste evne prøver å melde overgang til «dannet tale», er det berre dei språkblinde mellom oss som ikkje høyrer kvar dei høyrer heime. Så kvar gong dei opnar kjeften, fortel dei at dei har tatt avstand frå heimemål og røter. Det viktigaste i deira eigen kulturarv ikkje er godt nok. Signalet dei sender er at deira eige heimemål framleis er mindre verdt. I same rennet fortel dei at fordommane verkar. Om enn ikkje fullt så synlege, så framleis sterke. Utan at det treng snøe oppover.