– Ein person er til behandling på sjukehus, etter at han blei knivstukken i ei hand. Det skal ikkje vere livstrugande, seier Olaug Holme, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen har opplyst til politiet at han blei prøvd rana i Førde sentrum om lag klokka 00.30 natt til søndag.

– Dette er noko vi skal følgje opp i ettertid, men vi har lite informasjon så langt. Dersom nokon har sett noko, er vi interessert i tips, seier Holme.

Mannen er i 20-åra, og politiet fekk melding om forholdet klokka 03.30 i natt.