Den danske gjestearbeidaren blei send til sjukehus med kuttskadar i ansiktet, melder avisa Sunnhordland.

I finvêret laurdag kveld skulle tre kompisar ta seg ein liten fest. Etter kvart blei det ampert rundt brennevinsflaska.

Då politiet kom til staden la den 43 år gamle bergensaren alle korta på bordet og gav frå seg kniven.

Då gjekk den tredje kompisen, ein kar frå Odda, heilt i stå.

-33-åringen gjekk fullstendig berserk og utviste eit heilt unormalt raseri. Han var tungt rusa, opplyser vakthavande politi ved operasjonssentralen i Haugesund.

Begge hamna i arresten i Haugesund.