Akkurat idet butikksjef Arvid Juvik skulle til å forlate Drageset Super Spar på Kleppestø Senter for kvelden, vart han overfalle av ein ung mann med kniv.

– Fingrane mine er oppkutta. Eg førsøkte å få ytterdøra igjen, men han skar meg så eg måtte opne, seier Juvik, som nokre minutt tidlegare hadde sleppt ut dei andre som arbeidde i butikken.

Han fortel at han så gjekk gjennom butikken til ein safe, medan ranaren hele vegen pressa kniven mot ryggen hans. Juvik opna safen, men veit ikkje kor mykje ranaren fekk med seg.

– Viss han tok med seg alt som var der, kan han ha fått med seg alt frå 60.000 til 150.000 kroner. Eg såg ikkje kva han tok, for han batt meg på bein og armar slik at eg måtte liggje på magen, seier Juvik.

– Han var kald og roleg

Ranaren slo til 20.35 fredag kveld, og Juvik har inntrykk av at han var godt kjend i butikken.

– Han var kald og rolig. Alarmen hylte, men han brydde seg ikkje om det. Det er sikkert ein som vore der inne før, for han var godt kjent, seier Juvik, som aldri har opplevd å bli rana før.

– På Kleppestø har vi aldri hatt noko slikt, og eg har aldri opplevd det før. Det der er aldri kjekt, men det er slikt du trur ikkje kan skje, seier han.

Politiet fekk melding om ranet klokka 20.49 fredag kveld, fortel operasjonsleiar Asbjørn Andersen ved Hordaland politidistrikt.

Ranaren forsvann frå staden før politiet kom fram, og politiet konsentrerte seg fredag kveld difor om å sikre bevis på staden.

Etterforskinga held fram lørdag, og politiet er i ferd med å sjekke kvar "gamle kjenningar" har vært i tida rundt ranet. Det opplyser operasjonsleiar Konrad Grindeland til bt.no.

Politiet konsentrerte seg fredag kveld om å sikre bevis på staden. FOTO: MARTE ROGNERUD