Striden er særleg kvass i Mødalen på sørsida av riksveg 7 og oppover mot toppen av Byrkjefjell på nordsida av riksvegen.

Utfallet kan bli ja til hytter og heisar på nordsida, og nei på sørsida, når fylkesutvalet i dag har føre kommunedelplan for Kvamskogen.

Klart fleirtal

I Kultur— og ressursutvalet i Hordaland er det klart fleirtal for å tillata at Byrkjefjell og Røyrlitjørnane (opp mot Byrkjefjell) vert byggeområde for alpinlandsby, hytter og skianlegg så sant konsekvensutgreiing og seinare reguleringsplan tilseier det.

Dei vil også ha konsekvensutgreidd eit potensielt hytteområde søraust for Longvotni, mot Tokagjelet.

Men alle dei 4000 nye hyttene som Kvam herad har med i framlegget til kommunedelplan, blir neppe akseptert av fylkesutvalet.

Etter tilrådinga skal det fremjast motsegn mot hytter og skianlegg i Stuttelii i Mødalen. Grunngjevinga er store verknader for landskap og friluftsliv i urørte område.

Mindretalet (Venstre og SV) ville tilrå motsegn også for området på og ved Byrkjefjell. Dei har støtte av Fylkesrådmannen (Strategi- og næringsavdelinga) og Bergen Turlag.

Færre hytter

Fylkesutvalet vert også oppmoda om å redusera talet på nye hytter i fleire område. I øvste del av eit nytt hyttefelt aust for Mødalselvi bør hyttetalet ned med 30 prosent, og øvst i Tømmervik (sør for Longvotni) bør halvparten av hyttene ut av planen, meiner Kultur- og ressursutvalet.

Utvalet er også avvisande til fortetting (fleire hytter) i to eksisterande hytteområde ved Longvotni og eitt ved Måvotni. Tilhøva for opphald og ålmenn ferdsle ved vatna kan bli ringare.

Kritisk

Bergen Turlag karakteriserer planframlegget som dramatisk. Det er om lag 1800 hytter i området i dag, og 4000 nye blir ein svært stor auke. Det vil gå hardt ut over Kvamskogen som attraktivt hytteområde.

— Bygger ein ned dei viktigaste turområda, som Steinskvanndalen og Mødalen, vil ikkje Kvamskogen lenger ha gode tilbod til hyttefolket og turistane, seier turlagsleiar Sølve Sondbø.

Han peikar særleg på Kvamskogen sin verdi som turområde på ski. Fleire viktige skiløyper blir avskorne om dei nye hyttefelta blir realisert.

OMSTRIDD OMRÅDE: Utsyn frå toppen av Byrkjefjell nedover mot vatnet i Steinskvanndalen på Kvamskogen, med Folgefonna i bakgrunnen. ARKIVFOTO: HELGE SUNDE