— Språkproblem og mistydingar kan ha forsterka usemja, trur politiførstebetjent Arild Stokkereit. Han treng sjølv hjelp av tolk til å finna ut korleis det bar til.

Alarmen gjekk då ein blødande asylsøkar hamra på døra til ein nabo til mottaket på Rygg, i lia ovanfor Aurlandsvangen.

Kutt i andlet og hand

Stokkereit opplyser til Bergens Tidende at ein av dei skadde fekk eit 12 centimeter langt kutt i andletet, så djupt at det gjekk heilt inn på kjevebeinet. Men såret vil sikkert gro. Den andre karen risikerer å få varig mein i tommel, peikefinger og langfinger, ettersom sener er kutta. Skadane var aldri livstrugande.

10-12 personar skal ha vore innblanda i basketaket. Politiet var i går i tvil om tidspunkta. Det kan ha gått litt tid frå krangelen om kontrollen i tv-kroken, til ei gruppe somaliarar samla seg for å «ta» ein eller fleire russarar.

— Når slikt skjer, er det viktig å bruka tid på å snakka med asylsøkarane, seier styrar Solfrid Lexau til Bergens Tidende.

Ho brukte heile dagen i går til samtalar, og tilkalla vektarar frå Voss for å sitja nattevakt natt til i går og i dag, for at dei skal kjenna seg trygge. I dag skal det haldast allmøte. Dersom det er trong for profesjonell psykiatrisk hjelp, er Lexau innstilt på å skaffa det.

— Mange er naturleg nok urolege, men det verkar som om dei tek det med fatning. Vi er sikre på at denne episoden ikkje vil utvikla seg vidare, seier ho.

Ein av dei skadde kom attende til mottaket i går ettermiddag.

Tsjetsjenar pågripen

Politiførstebetjent Arild Stokkereit har inntrykk av at sindige sogningar ikkje let seg skremme av episodar som denne.

Det same inntrykket gir «mannen i gata». Ein av dei Bergens Tidende snakka med i går sa det slik:

— Det var litt uro før asylmottaket starta, men det blir sikkert verre når det ein gong skal leggast ned att. Det vart stort vonbrot då arbeidsplassane med norskopplæringa vart borte.

Ein 37 år gamal tsjetsjenar er pågripen etter hendinga laurdag kveld, mistenkt for å ha brukt kniv. Han er avhøyrt på politikammeret i Florø. Dei to skadde er avhøyrde i Bergen. Lensmannen i Aurland avhøyrde i går tre norske vitne. Når avhøyra er vurdert opp mot kvarandre, blir det avgjort om det skal sendast tolk til Aurland, om det trengst avhøyr av fleire vitne på mottaket.

BASKETAK: Aurland har hatt asylmottak sidan hausten 2001, og opplevt ein valdsepisode der før, men ikkje så alvorleg som denne.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH