Avisteiknaren i Årets avis, lokalavisa Hordaland, har late seg riva med i viraken rundt pristildelinga og avisa sitt 125-årsjubileum. Eit utval avisteikningar er stilt ut hjå Fotograf Senderud i Uttrågata.

– Det er mange som stoppar opp, og studerer arbeida nøye, fortel Liv Senderud.

Ivar Kvåle har utdanninga si frå Westerdahls i Oslo, grafisk design (1966-68) og Kunstakademiet i Roma (1970-71). Dei to mellomliggande åra var han avisteiknar i Nationen.

Heime på Voss har han laga teikningar og bokillustrasjonar over ein lav sko, innimellom lange sykkelturar og utstillingar heime og ute (Tyskland, USA og Bulgaria). Vel 40 bøker har han illustrert, dei fleste for andre forfattarar, men også nokre med eigne tekstar.

Frå 1980 har han vore fast tilknytt lokalavisa Hordaland som avisteiknar og tekstforfattar.

UTSTILT: Den syklande avisteiknaren Ivar Kvåle har teikningar hengande på utstilling hjå Fotograf Senderud på Voss.
arne hofseth