— Det er noko med det som eg ikkje kan forklare, seier 35 år gamle Hein Kvalheim.

— Men det å køyre mc er ei enorm oppleving. Det handlar om å kjenne vér, luft, lukt og endringar i temperaturstrømmane. Om å helse når ein treffer andre syklar.

Han er ikkje den einaste trafikkskadde motorsyklisten som drøymer om å kome seg oppå sykkelen igjen. For eit år sidan tok derfor siviløkonomen og tobarnsfaren frå Straume initiativ til «Likevel MC», ein organisasjon som i dag tel 55 medlemmer.

— Dette er ingen mc-klubb, men eit interessefellesskap for menneske med funksjonshemmingar som ønskjer å køyre sykkel. Hos oss får dei hjelp til å finne ut om det er mogleg eller ikkje, forklarar Kvalheim.

«Aldri meir sykkel»

Berre i fjor vart vel 680 motorsyklistar skadde i trafikken. Sjølv var Kvalheim berre 16 år den dagen han køyrde over Danmarksplass på lånt sykkel og hadde maks uflaks. Spegelen på sykkelen kom borti ei kvinne på fortauet. Det var nok.

— Sykkelen velta. Eg knakk ryggen, fortel Kvalheim til BT.

I dag vekslar han mellom krykker og rullestol. Han har ikkje køyrt mc sidan ulykka i 1983.

— Like etterpå tenkte eg: Aldri meir sykkel. Men eg hadde berre køyrt mc eit halvt år den gongen, og ikkje fått det heilt ut av kroppen. Det var uforløyst.

Då mc-suget kom tilbake for tre år sidan, begynte Kvalheim å undersøke om det var praktisk mogleg å køyre igjen. Men å finne ut kva det ville koste å bygge om ein standardsykkel etter hans behov, viste seg raskt å vere håplaust.

All aktivitet på nettet

Det fanst rett og slett ikkje tilgjengeleg informasjon i Norge. I beste fall hadde «nokon høyrt om nokon som visste om nokon» som kanskje kunne hjelpe, men det vart etterkvart så vanskeleg - og dyrt - at sykkeldraumen hans inntil vidare er lagt på is.

Istadenfor vaks eit anna prosjekt fram, «Likevel MC». Målet er å gje menneske med ulike funksjonshemmingar råd og informasjon om korleis dei kan køyre mc.

— Det skal nemleg ikkje alltid så mykje ombygging til før vi kan køyre standardsyklar.

All aktivitet i organisasjonen skjer på nettet, frå medlemskontakt til årsmøte. På nettsida er all tilgjengeleg informasjon samla.

— Denne sida er eineståande i landet, reklamerer Kvalheim.

Skal samle inn 250.000

Denne våren har «Likevel MC» to store prosjekt på gang. Det eine er å samle inn 250.000 kroner for å kjøpe ein skulesykkel, som kan brukast som opplæringssykkel for folk frå heile landet. I samarbeid med Biltilsynet og ein trafikkskule ønskjer nemleg «Likevel MC» å tilby intensivkurs i Bergen.

Dessutan har Kvalheim&Co. planar om å drive lobbyverksemd overfor Finanskomiteen.

— Målet er vedtak om avgiftsfritak for ombygde syklar for eigarar med funksjonshemmingar, seier han.

— Men kvifor skal folk med funksjonshemmingar - ofte trafikkskadde - på død og liv køyre sykkel?

— Då spør eg: Kvifor ikkje? I dag køyrer cirka 92.000 nordmenn frå alle samfunnslag mc. Det er blitt ein masseaktivitet, og det er ingen grunn til at ikkje også vi skal kunne delta. No er ikkje eg oppteken av at alle med funksjonshemming skal køyre sykkel, men at dei som ønskjer det, skal få hjelp til å finne ut om det går an.

«Likevel MC» skal tilby praktisk hjelp undervegs. Men målet er at medlemmane skal melde seg inn i vanlege mc-klubbar.

— Der er det vanlegvis eit godt, inkluderande miljø, og ingen forskjell på Kong Salomo og Jørgen Hattemaker. Når du får på køyredressen, spelar det inga rolle lenger om du er blikkenslagar eller direktør.

DRAUMEN OM TO HJUL: 16 år gamal var Hein Kvalheim utsett fro MC-ulukke. No køyrer denne trike-sykkelen (tre hjul). - Den er 70-80 prosent motorsykkel, seier 35-åringen frå Straume.
Foto: Ørjan Deisz