Ein mann i byrjinga av 20-åra er innlagt på sjukehuset etter å ha blitt banka opp i Storehagen i sentrum av Førde i natt. Ifølgje politiets logg blei mannen sparka og slått i ansiktet. Undersøkingar viste at han hadde knekt nase og elles andre slagskadar i ansiktet.

Politiet fekk melding om valdsepisoden like etter klokka to natt til laurdag.

Politiet har ikkje pågripe gjerningsmannen, men kjenner identiteten på vedkommande. Også han skal vere i byrjinga av 20-åra, opplyser operasjonsleiar Leif Bell i Sogn og Fjordane politidistrikt. Bakgrunnen for valdsepisoden er førebels uklar.

— Saka vil bli vidare etterforska av lensmannen i Førde og Naustdal, seier Bell.