Tysdag denne veka blei Knarvik vidaregåande skule stengt etter mistanke om asbestfunn.

– I samband med ombyggingsarbeid blei det oppdaga nokre takplater som det var mistanke om inneheldt asbest. Då den mistanken vart lansert, stengte eg bygget umiddelbart, sa rektor Inge A. Alver til bt.no.

Elevane blei sendt heim ein dag før sommarferien opphavleg byrja.

Inga spreiing

Det blei tatt prøvar av lufta og støvet utanfor rommet, og i dag var analyseresultata klare.

– Det var asbest platene, men det har ikkje vore noko fiberspreiing til andre område. Det var ein god nyheit, seier Ragnhild Skajå, prosjektleiar ved eigedomsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Ifølgje rapporten som bt.no har fått tilgang til, blei det tatt sju støvprøvar i ulike rom, blant anna trapp, inngang og bibliotek. Ingen av stadene vart det registrert asbest.

Flyttar tilbake

Dermed flyttar lærarane og administrasjonen tilbake til bygget.

– Vi tar slike indikasjonar alvorleg, og eg handla på grunnlag av mistankane vi fekk. Vi kjem framleis til å forsegle dette eine rommet, seier Alver.

I neste veke skal eit innleigd firma gjere reint her.

ERLEND SPURKELAND
ERLEND SPURKELAND