Alt tyder på at regjeringa må ha klare ja-signal til styremøtet i Odda Smelteverk (OS), skal ein unngå full nedlegging.

Etter det Bergens Tidende får opplyst, vart det inngått ein oppryddingsavtale sist verket bytta eigar. Amerikanske Phillips kjøpte OS av britiske BOC med ein klausul i kontrakta om at britane skal ha ansvaret for å rydda tomta dersom verksemda må avviklast innan utgangen av 2003. Ein einaste driftsdag inn i 2004 er nok til at britane går fri. Dermed har amerikanarane, som no eig Odda-verket, klar interesse av å byrja nedleggingsprosedyren umiddelbart, dersom dei ikkje ser for seg lønsam drift i framtida.

Ordførar Toralf Mikkelsen i Odda stadfester overfor Bergens Tidende at han kjenner til avtalen.

200 mål tomt

Smelteverket sit på ei 200 mål stor tomt midt i Odda sentrum, men med ein svær, gamal bygningsmasse, som det blir dyrt å fjerna. Dessutan trengst ei omfattande opprydding i grunnen, som Statens Forurensingstilsyn vil interessera seg sterkt for.

Ordførar Mikkelsen seier seg glad for at kommunen fekk møta representantar frå tre vitale departement og frå statsministeren sitt kontor tysdag.

— Det tyder på at regjeringa tek situasjonen i Hardanger alvorleg, seier han til Bergens Tidende.

Han er 99,9 prosent sikker på at styret for Odda Smelteverk vil vedta nedlegging av karbidfabrikken i møtet 5. mars. Spørsmålet er om staten kan yta 100 av 150 millionar kroner som trengst til å bygga om verksemda frå elektrokjemisk til kjemisk industri, ein langt meir smålåten straumbrukar.

Alternativet er full nedlegging av Odda Smelteverk med 207 tilsette.

Mange misser jobben

Dersom staten trør til med 100 millionar kroner, kan OS straks sysselsetta 50 av dei 207 tilsette, og ytterlegare 50 ved seinare opptrapping.

Uansett korleis ein snur og vender på det, vil mange missa arbeidet, og tre gonger så mange vil merka effekten.

— I kommunen føler vi sterkt for desse folka, og vi har no oppretta eit SOS-utval saman med Aetat som skal hjelpa med å takla situasjonen, opplyser Mikkelsen.

Omstillingskommune

Odda har vore omstillingskommune sidan 1997, og motteke fire millionar statlege kroner i året, mot å stilla like mykje sjølv, til tiltaksarbeid gjennom Hardanger Vekst AS. Dei rapporterer om 111 nye arbeidsplassar, men dette er ikkje nettotal. Til dømes etablerte Kværner seg i Odda då Norzink ville outsoursa vedlikehaldsarbeidet. På tilsvarande vis byta folk i Tyssefaldene til Statkraft-kjeledress.

— Du kan godt hevda at dette ikkje er nettotilvekst av arbeidsplassar, men kva hadde skjedd dersom vi ikkje hadde hatt fokus på problemstillinga, spør ordføraren, og gir sjølv svaret. - Då hadde vi fått ein ytterlegare nedgang i sysselsettinga.