Hallvard Totland (V) nekta å venda seg til ordføraren då han tok ordet i neste sak etter røystinga i skulesaka. Det hagla med ord som moral, etikk, svik og respekt i Kvam heradsstyre i går.

– Fru Selsvold, kjære heradsstyre.

Slik innleidde Totland innlegget sitt då han tok ordet i saka som kom etter skulesaka på møtelista.

– Eg vil tiltalast som ordførar, sa ordførar Astrid Farestveit Selsvold idet ho let klubba falla.

– Eg vil heller tiltala deg som privatperson, repliserte Totland.

– Eg sit her som ordførar, ikkje som privatperson, presiserte ordføraren.

– Då må du også røysta som ein ordførar, sa Totland

– Bra elevane har gått

Han sikta til røystinga i skulesaka, der ordføraren og Even Øyri, begge Ap, har snudd og sikra fleirtal for dei som vil fylla opp den nybygde ungdomsskulen i Øystese slik planen var i førre valbolk.

Ordføraren let det bli med det, men hadde tydelegvis eit dilemma kvar gong Totland ber om ordet i resten av valbolken.

Arne Opsal-Engen tok avstand frå Totland sin demonstrasjon, og sa seg glad for at ungdomsskuleelevane hadde gått, slik at dei slapp å vera vitne til korleis heradstyrerepresentantar oppfører seg.

– Vi har hatt mange harde tak i Kvam, men dette er eit historisk verste, seier ordførar Selsvold til Bergens Tidende.

Ho trur det vil ta tid å lega såra, men er viss på at ungdommane får ein god skule samstundes som det blir rom for andre tiltak, som barnehagar.

– Kvifor ikkje la Even Øyri ta støyten åleine?

– Det er rett at resultatet ville vorte det same, men eg deler Øyri si otte for kommuneøkonomien. Difor ville det vera feil av meg å la han stå i stormen åleine, seier ordføraren.

– Er ikkje det ekstra skadeleg for Ap at ordføraren snur?

– Denne saka har ført til at fleire parti ligg med broten rygg i Kvam. Eg ser klart at vi har ei stor utfordring i Arbeidarpartiet.

Trur på mirakel

Leiar i Norheimsund grendeutval, Jorunn Berge Sandven, gjekk vonbroten frå møtet, men gir ikkje opp.

– Blir privatskule det neste?

– Det ser eg ikkje bort frå, men det kan vera andre løysingar. Eg trur på miraklet. Alt kan skje, seier grendeutvalsleiaren.

– Vi prøvde å rekkja fram handa, men vart avviste. Det er leit når halve heradsstyret ikkje ønskjer ein del av heradet noko godt, og enda verre når det er ordføraren som gjer det, understrekar ho.

Lege og hjartestartar i beredskap

Ein lege stod klar til innsats medan slaget om ungdomsskulen vart utkjempa i Norheimsund i kveld.

Faldedører til siderom vart opna då dei folkevalde tok plass i heradsstyresalen i Kvam rådhus. Likevel var det ikkje plass til alle frammøtte, dei fleste elevar ved Norheimsund ungdomsskule.

Brannsjef Bjørn Johansen sytte for at det ikkje kom fleire inn enn rømmingsvegane har kapasitet til. Resten måtte ta plass ute på gangen, der debatten kunne høyrast over høgtalarar.

Før møtet tok til, orienterte brannsjefen om naudutgangar og prosedyrar om ein situasjon skulle oppstå. Skulle nokon få eit illebefinnande, skulle dei sitja på plassen sin, og venta på hjelp.

– Vi hadde ein lege på plass, med hjartestartar i bilen utanfor, fortel rådmann Harald Inge Andersen.

Han understrekar at tiltaket var gjort etter føre-var-prinsippet, og like mykje med tanke på tilhøyrarane som debattantane.

Sagt i skuledebatten

– Kvam er i ferd med å bli eit omgrep i skulesaka. Andre omgrep er Texas, Chicago og polsk riksdag

Harald Inge Andersen, rådmann.

– Det er ellevte i ellevte i dag, same dato som freden etter første verdskrigen.

Kjell Reidar Huus, Upol

– Ordførar! Fram til vedtaket er gjort, vil eg titulera deg som ordførar.

Hallvard Totland (V)

– Vedtaket i dag blir ståande som eit historisk svik.

Knut Aage Vikøy (Ap)

– Det er heilt reelt av Norheimsund å kjenna seg svikta. Eg vil ha meg fråbede sigersglis på den andre sida.

Ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Ap)

– Det har oppstått eit topartisystem her i Kvam, eitt parti for Øystese og eitt for Norheimsund.

Varaordførar Oddvar Brakestad (H)

– No har de (Øystesefraksjonen) storlaksen på kroken. Catch and release er eit godt prinsipp.Skap forsoning. La han fara .

Lars Ragnvald Djupevåg (V).

– Når vi skal landa denne saka, må vi ikkje landa med V-stil. Då vert spriket verre. La ikkje eit par avhopparar bli vinnarar.

Geir Mo (Frp)

Rune Nielsen
FINN ARNESEN (MMS)