I ein rapport revisjonen legg fram onsdag blir det i særleg grad reist kritikk for dårleg styring og oppfølging. Dette rammar dermed særleg dei som hadde hovudansvar for prestisjearrangementet, prosjektleiar Helge Hjelle, rådmann Ørjan Raknes Forthun og ordførar Roger B. Silden.

Skeivt ut frå start

Rapporten slår fast at arrangementet, som skulle bli det største i Måløys historie, kom skeiv ut alt frå starten. Organiseringa var uheldig. Både rådmannen og ordførar sat i organisasjonskomiteen, og frå første stund blei dermed politisk og administrativt ansvar blanda.

– Det er uheldig at rådmannen og ordføraren var deltakarar i organisasjonskomiteen som seinare skulle rapportere til rådmannen i saker som kunne ende i kommunestyret der ordføraren er leiar.

I tillegg har det vore uklart kven som i realiteten fungerte som leiar i dette som var hovudkomiteen. Prosjektleiar Helge Hjelle tok rolla. Dette har blitt akseptert av rådmannen og ordføraren, medan mange av dei andre medlemene i komiteen har ulik oppfatning av kven som var leiar.

Dårleg budsjettering

Revisjonen rettar søkjelyset på ei rekkje punkt dei meiner burde vore betre. Eit hovudpoeng er at budsjetteringa var for dårleg.

– Endringar som er gjort etter at budsjettet blei vedteke i 2004, er ikkje dokumentert med vedtak.

Tall Ships’ Races i Måløy gjekk med over 15 millionar kroner i minus. Kommunen må dekke underskotet.