LENA VERMEDAL

— Det var ei grusom oppleving å måtte køyra til Bergen med ein hysterisk unge som hadde vondt. Blodet og slimet berre rann ut av munnen hans, fortel mor Ann Christin Nøss til avisa Hordaland.

Tidlegare i månaden var Sindre i utebassenget på Voss saman med tanta og onkelen.

- Sklei på raudt lys

Ein ungdom som truleg ikkje venta på grønt lys i sklia, trefte sjuåringen med stor fart - rett i munnen.

Foreldra blei raskt varsla. Dei tok kontakt med ulike tannlegar på Voss, men utan hell. Neste stoppestad var Legevakta på Voss, men heller ikkje der fekk Sindre tannlegehjelp eller smertestillande.

Då gjekk turen vidare til Tannlegevakten i Bergen. Der konstaterte tannlegen to brot i overkjeven og lause framtenner.

Skadane var så alvorlege at ein kjeveortoped eigentleg skulle ha handsama sjuåringen.

Maksimal uflaks gjorde at slike fagpersonar ikkje var tilgjengelege i Bergen denne søndagen.

Kjeven og tennene blei difor trykt på plass, kjeven sydd og tennene festa med streng på Tannlegevakten i Bergen.

Vass- og tannlegeskrekk

Ifølgje avisa Hordaland har den uheldige guten fått både vasskrekk og tannlegeskrekk etter hendinga.

Mor til Sindre meiner det er uhaldbart at det ikkje finst tannlegevakt på Voss.

— Det er ikkje noko krav at det skal vera tannlegevakt. Den som treng tannlege, skal først ringja tannlegen sin. Dersom ein ikkje får svar, kan ein prøva andre tannlegar, seier fylkestannlege Inge Bruvik til «Hordaland».

Familien til Sindre krev også betre vakthald ved skliene i utebassenget.

— Me har vore plaga med ein del ungdommar som sklir på raudt lys og finn på andre ting som ikkje er lov i utebassenget. Nokre av dei har me stengd ute for heile sesongen, seier leiar Odin Gunnar Lavik til avisa.