Ranavik eller Sunde er det betente spørsmålet Kvinnherad kommunestyre skal ta stilling til torsdag etter at over 3000 innbyggjarar har protestert mot at Sunde ferjekai blir stengt når Halsnøytunnelen blir opna for trafikk om eitt år.

Bakgrunnen er at brorparten av ferjereisande frå Kvinnherad til Stord med Ranavik-alternativet får lengre køyredistanse gjennom bompengetunnelen og på ein smal Halsnøy-veg som går tett opptil klostermurane. Motprotestantar og fleirtalet i formannskapet peikar på at Ranavik gir kortast ferjeoverfart som ein prioritert føresetnad for alle vedtak bak 350 millionar-prosjektet i Stortinget, fylket og kommunen.

— Nasjonal karakter

— Folk på Halsnøy må vera klare over at Halsnøy kloster er eit stort og viktig kulturminne av nasjonal karakter. Det er eit sentralt middelalder-anlegg, og Noreg har ikkje særleg mange klosteranlegg, seier arkeolog Alf Tore Hommedal ved Norsk institutt for kulturminneforskning. Han fryktar at auka tungtrafikk vil skada klosterruinane på Halsnøy.

-Eg meiner det er nesten uakseptabelt med tungtrafikk så tett innpå. Nordrefløyen har alt fått skader og må sikrast, seier Hommedal.

Riksantikvaren vurderer

Før kommunestyremøtet på torsdag skal Riksantikvaren koma med ein uttale om den varsla vegreguleringa over Halsnøy som følgje av auka trafikk etter opninga av Halsnøysambandet.

-Vi har sett setningsskader i eine bygget på klosteret. Det er uklart om årsaka er trafikken eller arbeid som er utført på parkeringsplassen. Vi avventar no uttalen frå Riksantikvaren, seier ingeniør Roald Sletten som er Statens vegvesen sin sakshandsamar for reguleringsplanen for ein opprusta Halsnøy-veg.

Tore Lande Moe ved Sunnhordland Museum er uroa for at klosterruinane får større påkjenningar med auka biltrafikk, men han ser óg fordelen med betre tilgjenge til klosteret med Ranavik som ferjekai. Sunnhordland Museum administrerer det gamle augustinarklosteret som Erling Skakke fekk bygt i 1163.

Går opp i opp

— Argumentet om auka påkjenning for klosteret har eg ikkje forståing for. Ein god del av tungtrafikken frå Kvinnherad fastland som går forbi i dag, vil fosvinna med Halsnøysambandet. Med den auka trafikken andre vegen mot Stord vil det truleg gå opp i opp. Dessutan er det i reguleringsplanen teikna inn at vegen skal leggjast nokre meter lengre bort frå klosteret, seier varaordførar i Kvinnherad, Otto Benjaminson (KrF), som sjølv bur nær Halsnøy kloster.