Klostergarasjen har fått avslag på sin søknad om å nytta heile kapasiteten på garasjen og opna for inntil 950 bilar på dei siste laurdagane før jul. Styreleiar Arne Jakobsen seier til Kystradioen at dette er skuffande og uheldig. Han meiner at innbyggjarane og næringslivet burde fått høve til å bruka dei rundt 300 plassane som står tomme for bilar. Ifølgje Jakobsen kunne dette gitt ei ekstrainntekt til Klostergarasjen på rundt 600.000 kroner.

Det er omsynet til trafikkavviklinga i området som gjer at Klostergarasjen ikkje får utnytte kapasiteten.

Sævig, Rune