OVE ARNE OLDERKJÆR

Kvinnherad

Noverande ordførar Bjarne Berge kom på taparsida igjen, slik han var då Folgefonntunnel-prosjektet gjekk gjennom.

Gamleordføraren frå Ap, hovudaktør også bak Folgefonntunnelen, fekk torsdag samla fleirtal for den korte Jondalstunnelen som Hordaland fylkesting har sagt er einaste realiserbare.

Inne i varmen

Dermed er Kvinnherad inne i varmen att med naboane Jondal, Odda og Kvam etter at formannskapet vende tommelen ned for kort Jondalstunnel og finansgaranti for to veker sidan.

Etter dagar og netter med møteverksemd i lokalparti og med sendemenn frå grannekommunane lukkast det Aksel Kloster å få KrF, Høgre, Sp, Frp, Venstre, RV og bak den korte tunnelen. Siger 32 — 13. Alternativet er meint å sikra eit statleg tilskot på ein tidel av kostnaden med den vel 8 km lange tunnelen til knapt 500 millionar kroner.

Nordrepollen tapar

Sjølv om fleirtalet i Kvinnherad kommunestyre også har med eit vedtak om at begge tunnelalternativ - også den som vernar Nordrepollen-bygda - skal men i ein tilbodskonkurranse, så er det få som trur at den lange tunnelen har nokon sjanse.

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (H) har sagt til Bergens Tidende at det er urealistisk å senda to alternativ på tilbod.

— Å halda på det lange alternativet er einaste sjansen me har til å få fram ein pris også på den tunnelløysinga, sa ordførar Bjarne Berge (Tverrpol.). Men fleirtalet høyrde ikkje på han.

— Eg er skuffa, seier Ingfrid Øyre frå Nordrepollen.

— Endeleg er vi i mål i Kvinnherad. No står det att å få vegkontoret til å fremja prosjektet slik at riksløyvinga kjem med i statsbudsjettet. Der er vi på overtid alt, seier Inge Børslien i aksjonsgruppa for Jondalstunnelen.