Ap-politikaren har meldt Haugesunds Avis til politiet etter avsløringa sist laurdag om eit oppsiktsvekkjande bankuttak av 7,5 millionar kroner frå Rundhovde sin klientkonto hos advokat Morten Harsvik like før stengetid nyårsaftan i fjor.

Etter kvart som Rundhovde fekk dårlegare helse dei siste åra, gav han Kloster svært vide fullmakter i selskapsstrukturen sin. Kloster gav frå seg fullmaktene etter dei første avsløringane i Haugesunds Avis i haust.

Rundhovde seier han har full tillit til Kloster, medan familien hans har engasjert ein utanforståande økonom til å granska kvar det er blitt av rundt 15 millionar kroner av ein aksjevinst på 37 millionar som 77-åringen hadde i fjor.

Ber ordføraren ta fri

— Eg vil ikkje døma nokon i forkant. Men det er totalbildet som er det verste; inntrykket av at han har rota seg borti mange ting som han ikkje burde gjort som ordførar, seier kommunestyrerepresentant Bjarne Berge (Tverrpolitisk Samlingsliste) til Bergens Tidende. Berge har i brevs form oppmoda Kloster om å ta permisjon frå ordførarjobben inntil fleire forhold i Rundhovde-saka er avklart.

Til no har Aksel Kloster sagt at han ikkje ser at han har handla klanderverdig, korkje når det gjeld hans rolle som vitne ved uttaket av 7,5 millionar kroner frå Rundhovde-kontoen eller i samband med Hordaland Havbruk (Rundhovdes morselskap) sine investeringar i Skånevik Fjordhotell og eit mislukka sjømatprosjekt i Etne-bygda - som i fjor vår brått mista 63 arbeidsplassar ved Riebers sardinfabrikk.

Jaktar på rekneskap

Økonomen som Endre Rundhovde sin familie har engasjert for å få oversyn over kvar tidlegare aksjemillionar har teke vegen, arbeider med å finna rekneskap som kan forklara den tilsynelatande forvitringa av oppgjer på fleire titals millionar som Rundhovde nytte godt av dei føregåande par åra.

Sjølv lever 77-åringen frå Osterøy nøkternt i eit husbankhus på Rubbestadneset på Bømlo, og køyrer rundt ei ein eldre bil.

Etter det Bergens Tidende kjenner til slit rådgjevaren med å følgja millionane som Rundhovde tente på aksjesal frå konto til konto i eit sinnrikt system. Økonomen stiller seg kritisk til at Endre Rundhovde sine rådgjevarar ikkje har hatt opne kanalar til resten av 77-åringen sin familie.

Kontakten

«Endre Rundhovde ringde meg ein sundag midt i høgmessa seint på året 1983 eller tidleg 1984. Eg var dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, og han ville gje meg ei innføring i kva rettar han og svigerfaren sat på i Fitjar og Radøy.»

Slik innleiar Aksel Kloster si utgreiing om forholdet til Rundhovde og Hordaland Havbruk i boka «Statsmakt mot laksepionerer» som Bernt Kristiansen og Odd Stand gav ut i sommar. Seinare brukte Kloster mykje tid på å hjelpa Rundhovde med å rydda opp i ein mangeårig strid med styresmaktene om oppdrettskonsesjonar.

Endre Rundhovde starta med klekkeri, settefisk- og matfiskanlegg på Osterøy alt i 1953. Han blei den første fiskeoppdrettaren i Noreg, men møtte seinare mykje motbør. Også svigerfaren Ola Olsen på Bømlo var blant pionerane. Rundhovde blei utestengt av styresmaktene, og han gjekk til søksmål.

Det var kongstanken om Hordaland Havbruk - eit nytt, omfattande akvakulturselskap - Aksel Kloster skulle hjelpa Rundhovde med å realisera. Trass lovnader frå fiskeriministrar og innspel via statsministrar (Jens Stoltenberg i 2000, Kjell Magne Bondevik i 1997) står saka enno i stampe, nesten 20 år seinare. Endre Rundhovde skreiv brev om sine inntrykk og meiningar også til kongen. I boka «Statsmakt mot laksepionerer» er det referert delar av eit brev til kong Harald i fjor.

MÅ FORKLARA SEG: I dag må ordførar Aksel Kloster stå skulerett for Kvinnherad kommunestyre og forklara detaljert om rolla si i Endre Rundhovde sitt forretningsnett.<p/> ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH