Trass i at omstridde Kloster var Ap sin ordførarkandidat, fekk han færre kumuleringar og slengjarar enn Synnøve Solbakken.

Verst for han er det likevel at Sp på ny blei største parti i Kvinnherad med ni av 45 representantar i kommunestyret. Dermed står ordførarstolen meir eller mindre open for varaordførar Knut Prestnes, trass i at Frp er valets mest framgongsrike med ein auke frå tre til åtte mandat.

Forhandlingar dei nærmaste dagane i storkoalisjonen Ap, Sp, Høgre, Venstre, SV og KrF avgjer ordførarspørsmålet.

— Desse partia bør møtast til forhandlingar. Dei samme partia står blant anna bak ein felles handlings- og økonomiplan for dei neste fire åra, seier Aksel Kloster.

Ap mangla fire stemmer på sitt niande mandat. Med åtte representantar av 45 går partiet tilbake med tre mandat. Ap og Frp får samme mandattal, men Ap er prosentvis litt større enn Ove Benjaminsons framgangsrike flokk.

Synnøve Solbakken (Ap) fekk 542 kumuleringar og slengjarar frå andre parti. Aksel Kloster fekk óg mange, men likevel 55 færre enn Solbakken.

— Eg er godt nøgd. Eg hadde rekna med at valet ville gått hardare ut over meg enn dette, seier Kloster.

SV landa på tre representantar som i dag, KrF går tilbake frå fem til tre, Tverrpolitisk held sine sju, Høgre sine fire, og Venstre sine to.

Den store overraskinga er at RV for første gong blir representert i Kvinnherad kommunestyre. Jon Lund sikra seg så vidt mandatet i kamp med Ap.

Aksel Kloster (55) har hatt permisjon frå stillinga som dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland i sine to tilbakelagte ordførarperiodar.

— Eg kan gjera krav på jobben att dersom eg må gje meg som ordførar. Men eg tvilar på om eg har samvit til å trengja ut ein av dei tre personane som er fast tilsett der i dag. Rådet fungerer betre enn nokon gong, seier Kloster.

SYNNØVE BETRE ENN AKSEL: Ordførar Kloster (Ap) måtte i Kvinnherad-valet sjå seg slått av både partifelle Synnøve Solbakken og av framgongane til Frp, Sp og RV.

ARKIVFOTO: OVE A. OLDERKJÆR