OVE ARNE OLDERKJÆR

Kvinnherad

Følgjeleg kom den profilerte Ap-ordføraren fram til at han ikkje vil søkja permisjon frå ordførarvervet, slik Bjarne Berge (Tverrpolitisk) oppfordra Kloster til å vurdera.

— Eg er audmjuk overfor kommunestyret og hadde trekt meg om de bad meg om det. Men eg har ikkje gjort noko gale. Eg har ikkje teke ut pengar frå Endre Rundhovde sine kontoar, eg har ikkje hatt honorære verv i selskapa hans, og har aldri fått godtgjersle for arbeidet, sa Aksel Kloster til kommunestyret før budsjettbeandlinga i dag.

Næringsutvikling som hobby

Aksel Kloster la også fram for kommunestyrerepresentantane eit skriftleg notat om sine engasjement i oppdrettsgründaren Endre Rundhovde sine selskap, om vide fullmakter, og om investeringane i Skånevik.

— Alle har ein aktivitet på fritida si. Min hobby er næringsutvikling. Eg føler at eg har gjort jobben min for Kvinnherad kommune. Eg jobbar kveldar og helgar, har relativt stor arbeidskapasitet og er i ein fase i livet der det fungerer bra med meg. Eg går ut frå at folk på rådhuset vil meina at eg arbeider meir enn det som er forventa av meg, sa Kloster frå talarstolen.

Ikkje mistillit

— Skuldingane mot ordføraren har ført til ein beklageleg situasjon for politikarane, for kommunen. Det er derfor eg oppmoda ordføraren om å vurdera å ta permisjon med løn inntil saka er avklart, sa Bjarne Berge (Tverrpol.).

— Det er ikkje snakk om mistillit. Vi har ikkje høve til å reisa slike forslag i kommunestyret. Eg har heller aldri reist spørsmål om ordføraren har gjort jobben sin, sa Berge, som fekk partikollega Sølvi Ulvenes med i synspunkta.

Kari Nygård (Ap), Tjerand Lunde (Sp) og rådmann Trond Sætereng meinte det var å gå for langt å be ordføraren vurdera permisjon.

— Dersom kommunestyret skulle ha innvendingar mot tillitsverva til ordføraren, var det om dei gjekk ut over jobben hans som ordførar. Det trur eg ingen av oss meiner dei har gjort. No må vi opptre med danning og respekt, sa Nygård.

Ordfører Aksel Kloster i Kvinnherad.