Det slo samferdsleminister Torill Skogsholm fast i Stortinget i går.

I staden må innbyggjarane på Bjelkarøy og Lerøy klara seg med passasjerbåt medan dei ventar på at ny ferje skal setjast i drift neste år.

— Dette var altfor tafatt og knapt svar på spørsmålet, seier stortingsrepresentant Ranveig Frøiland (A) til Bergens Tidende.

Det var ho som stilte spørsmål om kva statsråden hadde tenkt å gjera for å få sett ei erstatningsferje i trafikk på strekninga når ferja som går der no vert teken ut av trafikk ved månadsskiftet.

Frøiland seier at ein passasjerbåt ikkje kan reknast som nokon fullgod erstatning.

— Korleis trur statsråden at dei som bur på øyane mellom Sotra og Fana skal koma seg til og frå byen no, seier ho og legg til at ho mistenkjer statsråden for ikkje å skjøna at dette er eit ferjesamband som ligg like i utkanten av landets nest største by.

— Hadde dette vore ei øy inst i Oslo-fjorden, er eg sikker på saka hadde vore løyst, seier ho.