Ved kai hos A. Andersen & Sønner i Dåfjorden ligg den gamle HSD-travaren MS «Tysnes», bygt av Mjellem & Karlsen i Bergen i 1930, og no i Geir Røsslands pietetsfulle varetekt. På slippen: Veteranskipslagets MS «Granvin», søsterskipet i forstørra utgåve bygt av Mjellem & Karlsen for HSD i 1931.

På kaikanten vaggar anda Anton og tiggar mat. Under presenningen på «Tysnes» førebur Geir Røssland og Steinar Andersen dagens klinkeøkt.

— Sjølve klinkinga er ein liten del av arbeidet. Mest tid går med til platearbeidet; å rekna ut holplassering og bora hol i plater, bindevinklar og stivarar, forklarar Røssland. Som har god støtte i så måte frå detaljerte originalteikningar frå Mjellem og Karlsen.

Glødande ståltapp

I lasterommet blir ei esse med kol fyrt opp. Når kolstykka gløder kjem skipstømrar Kjell Bakke over for å plassera naglebrettet i varmen.

Idet naglane lyser gulraudt som freistande drops, tek Bakke dei ein etter ein med tong og leverer til Geir Røssland. Raskt blir gloheite naglar etter tur plasserte opp gjennom nitid tilpassa hol i dekksbjelke og dekksplate. Røssland styrer på plass mothaldshammaren.

Oppå dekk står Steinar Andersen klar med klinkehammaren og gyv laus på glødande ståltappar etter kvart som dei blir stukke opp. Både hammar og mothald blir drivne med lufttrykk som lagar kraftig støy. Høyrslevern er naudsynt. På nokre sekundar er varmt stål glatta ut til svakt avrunda naglehovud.

Når naglane kjølnar, krympar dei og trekkjer dekksplata mot bjelken med veldig kraft.

— Slik blir det heilt tett. Men ved klinking av hudplater i skroget blir det i tillegg nytta dikking, seier Geir Røssland.

Dikking går ut på å bruka ein dikkemeisel til å stuka kanten på den overliggjande stålplata mot plata under for å laga endå betre vern mot vassgjennomtrenging.

Første gong

Det er første gong ein stålbåt i Hordaland blir restaurert etter gamle handverksmetodar.

— «Tysnes» er ein liten båt med skroget i god stand, det er derfor ei overkomeleg oppgåve å gjera det på gamlemåten. Og så er det veldig interessant, seier Røssland.

Geir Røssland, til dagleg lektor i økonomi ved Stend jordbruksskule, har gått klinkekurs saman med Steinar Andersen frå Dåfjorden-verkstaden, med økonomisk støtte frå Hordaland fylkeskommune. Ei veke ved Bredalsholmen i Kristiansand og ei veke i Bergen.

Sidan sveising tok heilt overhand ved stålskipsreparasjon etter siste verdskrigen har kunnskapen om klinking nesten døydd ut.Klinkeutstyr og naglar har også gradvis forsvunne ut av produksjon.

Geir Røssland har blant anna kjøpt eit restlager av naglar ved ein nedlagt slipp i Sveio. Andersen og Røssland er på jakt etter enno meir klinkehjelpemiddel.

Ingen mystikk

— Det er ikkje noko mystisk med klinking. Med luftdriven hammar og mothald er det eit greitt stålarbeid. Men det tek lengre tid enn sveising, og så trengst det tre mann.

Geir Røssland fortel med innleving om handverket han har lært seg, og ikkje minst om restaurasjonsobjektet han fekk hand om i 1987. Me sit i den gamle røykesalongen på «Tysnes», som enno har oppsiktsvekkjande mange autentiske detaljar intakt sidan båten var nybygt i 1930. Skinnseta er dei samme, vindaugslister, treskorne ornament, teakdøra og styrehus likeeins.

I tillegg har Røssland fått hand om fleire andre originaldelar frå skipet, godt tekne vare på av karmøymannen Olav Osnes som kjøpte «Tysnes» av HSD i 1963 og gjorde henne til fraktebåt.

Posthyller, flaggstong, skrivebord er klare til å bli installert i «Tysnes» når den gamle lokalrutebåten frå Sunnhordland siglar att om eit par år.

— Det er ingen plass fjordabåten har hatt ein sånn posisjon som på Vestlandet. Rutebåtar som «Tysnes» hadde store oppgåver, seier Geir Røssland, som i mange år har hatt sentrale verv i Veteranskipslaget Fjordabåten.

KLINKEKARAR: Geir Røssland og Steinar Andersen (øvst) klinkar til mot nok ein raudglødande nagle i arbeidet med å leggja nytt dekk over MS «Tysnes» sitt motorrom. <br/>Foto: ARNE NILSEN