- Jobbar du verkeleg i heile sommar?

- Eg har hatt ein liten ferie i Kroatia, men har utsett tre veker ferie til september. Då blir det USA-tur med sambuaren min, Ingunn. Vi klinkar til når alle andre er tilbake. Eg er nøgd med at vi har hatt så mykje fint vêr her, og at eg la sjølve sommarferien til september.

- Er du synsk?

- Eh... nei. Det er så mykje snakk om sesongvarslar, men skal dei slå til er det mykje flaks, sjølv for ein fagmann. Langtidsvarslar når det gjeld sommarvêr er veldig vanskeleg. Ein kan klare ei veke, men så byrjar det å bli usikkert om det vert regn eller sol. Det kan òg vere vanskeleg å varsle dag for dag om sommaren — plutseleg regnar det, og plutseleg er det steikjande sol.

- Høyrer du noko frå publikum - TV-sjåarane?

- Det er veldig kjekt å stå på skjermen og smelle i bordet med at det blir tretti grader varmt her, og at i Norge er det varmast i Europa, når det er fellesferie. Sommaren er jo tida då vêr er store nyheiter, og folk gir mest beskjed når det vi melder ikkje stemmer. Mest på mail og på Facebook, men nokre framfører klagen personleg på telefon.

- Kva seier du til dei, då?

- Eg må jo prøve å forklare dei kor vanskeleg det kan vere å melde vêr. Vi opererer med fleire moglegheiter for vêrscenario, og det kan til dømes vere sytti prosent sannsynleg at det blir sånn eller slik. Så har vi desse Yr mot Storm-sidene, som gir varsel time for time. Men når det er regnbyer over heile Noreg, så dukkar bygene opp i hytt og vêr - når det regnar i Fyllingsdalen, kan det vere tørt i Bergen - og det kunne like gjerne vore omvendt.

- Så ein kan ikkje stole på time-varsla når ein driv og malar hus, altså?

- Nei, det er desse klassiske ettermiddagsbyene som er litt uføreseielege, om ein skal male, eller om ein skal liggje på stranda.

- Kva likar du å gjere om sommaren?

- Eg går i fjellet, og syklar ein del, gjerne i fjellet også. Det er kjekt å vere ute, grille og bade. Det er så fint å vere her når det er fint vêr om sommaren, spesielt på Vestlandet. Eg dreg gjerne på festivalar, også. I sommar har eg vore på Malakoff på Nordfjordeid. Då høyrde eg Mastodon, eit amerikansk metalband som eg er storfan av.

- Er du ein metalgut?

- Det går mykje i tungt og hardt, ja. Eg likar Enslaved, som kjem frå Bergens-området, og Kvelartak likar eg òg. Norsk metalscene er veldig bra, rett og slett. Men no blir det ikkje fleire festivalar - no blir det berre mykje jobbing. Eg er jo meteorolog også, så eg må ta nokre slike vakter òg.

- Kva skal du og sambuaren din gjere i USA, då?

- Køyre bil i tre veker langs Vestkysten. Sjå San Francisco, Los Angeles og Las Vegas. Og naturparkar.

- Las Vegas? Skal du spele vekk alle pengane dine?

- Ja - ha ha! Det er difor eg jobbar så mykje i august! Nei da - eg skal prøve å halde litt igjen.