Den 20 år gamle mannen mista heilt fatninga då ferja la frå kai like framfor han. Det gjekk ut over ferjebrua og andre fasilitetar på kaia.

Det var ei haustnatt i 2009 at 20-åringen og ein kompis kom akkurat for seint til å nå avgangen på E39 mellom Lote og Anda i Nordfjord.

Dermed knuste 20-åringen eit vindauge i maskinhuset som driv ferjebrua på kaia. kameraten stakk handa inn og greip hendelen som styrer brua, og seinka ferjebrua rett ned i fjorden. Halve brua vart lagt under vatn.

Påtalemakta legg vekt på at ferja etter dette ikkje kunne leggje til på normal måte, og meiner at handlinga kunne fått alvorlege konsekvensar dersom ambulanse eller sjuke personar hadde trong for å kome raskt over det sterkt trafikkerte sambandet. .

Den sikta 20-åringen lot vidare frustrasjonen gå ut over servicebygget på kaia, der han knuste vindauge og tre vaskar «på positiv tilskyndelse til å gjøre hærverk på stedet, fordi fergen hadde lagt frå kai like forut utan å vente på dem».

For dette forholdet, samt eitt tilfelle av heleri, eitt tilfelle av tjuveri frå ubetent bomstasjon, eitt tilfelle av aktlaus kjøring og eitt tilfelle av hasjkjøp og -bruk er 20-åringen no dømt til fengsel i 120 dagars fengsel på vilkår og 7.000 kroner i bot.

I tillegg er han dømt til å betale 32.578 kroner i erstatning til Statens vegvesen og 650 kroner i erstatning til det lokale bomselskapet i Stardalen i Jølster.