Første byggetrinn med halvparten så mange vindmøller har pågått for fullt i heile vinter på Midtfjellet nord på Stordøya, med planlagt oppstart av første turbin i september i år.

Fase 2

I dag har eigarane bak Midtfjellet Vindkraft AS – Fitjar Kraftlag, EB Kraftproduksjon, Vardar og Østfold Energi – underteikna avtalar om at fase 2 skal utbyggjast for 500 millionar kroner straks første fase er ferdigstilt.

Totalt vil vindkraftanlegget kosta rundt 1,4 milliardar kroner, der staten gjennom selskapet Enova har gitt eit investeringstilskot på 346,5 millionar.

El-sertifikatmarknad

Når heile vindparken med sine 125 meter høge propellkonstruksjonar er ferdig ved årsskiftet 2013-2014, vil det årleg levera straum tilsvarande forbruket til 17.500 husstandar – 350 gigawattimar (GWh).

Midtfjellet blir det første store vindkraftverket som vil få inntekter frå den norsk-svenske el-sertifikatmarknaden som er innført i år.

Mellom 20 og 40 arbeidarar kjem til å vera engasjerte i ferdigstillinga av vindkraftverket fram til det står ferdig mot slutten av 2013. Entreprenøren Reinertsen AS med underleverandørane Engevik og Tislevoll og Stangeland Maskin arbeider intensivt for å førebu monteringa av sjølve vindturbinane til sommaren. Samme entreprenør har fått kontrakten også for fase 2.

Det tyske selskapet Nordex skal levera turbinane, som kjem i deler til Stord sjøvegen frå i sommar.