Ørlite grann arbeid er rett nok utført allereie. Ein delfundament for nye master til køyreledningar er komne på plass. Men det storearbeidet har lete venta på seg. Mange har lurt på om pengane enda ein gong erflytta til andre prosjekt. I år skulle det vera 100 millionar kroner tilrådvelde, men det har gått åtte månader utan at nemnande arbeid er sett i gang.

Undergang

— Med statsråden på plass, går startsignalet, seierinformasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket.

Innleigd entreprenør skal fjerna spor 3 på Voss stasjon ogbyggja ny mellomplattform der. Plattformen får tilkomst gjennom ein undergangfrå parkeringsplassar på begge sider av jernbanelina, og med sidegrein tilbillettluka på hovudplattforma.

Utsetjinga i fjor kom fordi alle køyreledningar også måbytast ut, og kostnadsramma vart utvida frå 50 til 100 millionar kroner.

Universelt

Ved ombyggingar av dette slaget forlangar Jernbanetilsynetgod tilkomst også for folk med rulletol og barnevogn. Samferdsleministeren varså seint som i desember på Voss for å understreka dette, og ho hadde med segein sjekk på 300.000 kroner til planleggingsarbeid.Kravet om universell utforming gjer at Bulken stasjon, medbeskjedent passasjertal, får ein overgang med trappehus og heisar fråhovudplattformen og ny plattform på nedsida av jernbanelina. Ombygginga errekna til 30 millionar kroner.

Jernbaneverket reknar med å koma billegare frå det når mellomplattformenepå Stanghelle og Vaksdal skal fjernast. Også her kjem det plattformer på beggesider, men på Vaksdal er det ei vegbru over lina, og på Stanghelle er ei bruinnteikna på reguleringskartet.