• Denne typen politisk trykk liker eg særs godt. Til meir samarbeid det blir på tvers av fylkesgrensene på Vestlandet jo større framdrift får me i arbeidet med ferjefri kyststamveg.

Det er samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa som seier dette til aftenbladet.no i ein kommentar til at dei fire fylkesordførarane måndag på Mortevika ferjekai vil lansera ein ny politisk offensiv for bygging av ferjefri veg langs Vestlandskysten.

Prøveboring under Boknafjorden

Samferdsleministeren seier vidare at som førebuing til bygging av Rogfast-tunnelen under Boknafjorden, har vegvesenet sett i gong prøveboring i dei undersjøiske fjellstrukturane.

— Dessutan er det i nasjonal transportplan (NTP) budsjettert med midlar til Rogfast i siste del av inneverande tiårsperiode.

**Les også:

Setter inn trykk for fergefri E 39**

Forsering av Rogfast?

— I 2013 skal transportplanen rullerast gjennom ei ny Stortingsmelding. Då blir det spennande om me greier å forsera utbygginga av Rogfast, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

Ho peikar vidare på at det er sett i gong også to andre prosjekt med tanke på bygging av ferjefri E 39, kyststamvegen.

Aksdal - Bergen

Eit prosjekt skal avklara konseptvala på strekninga mellom Aksdal i Tysvær og nordover til Bergen.

— Dessutan skal det utgreiast tekniske sider og moglegheiter ved kryssing av fjordar langs heile E39 fram til Trondheim, seier Meltveit Kleppa.

Kva meiner du om planane?

Holm,Morten