Første jafset med gravemaskina vart utført av einsamferdsleminister i tidsklemme.

— Det er bra at eg ikkje tel med i Jerbanen sipunktlegheitsgaranti, parerte statsråden då ho vart køyrt med privatbil oppkollektivvegen en halvtime etter programmet.

Men så hadde ho gjort nyttig arbeid på E16 i Lærdal, markertanleggsstart på Borlaugparsellen oppover mot Tyin.

— Eg kjenner meg mest som ein anleggsarbeidar i dag, saKleppa då ho var iført dagens andre arbeidsantrekk og godkjent verneutstyr,denne gongen Jernbaneverket sitt gule og mørkeblå.

Viktigstasjon

600.000 passasjerar brukar denne stasjonen årleg. Voss erein av dei viktigaste og mest trafikerte stasjonane på Bergensbanen, seier JonBrede Dukan, prosjektleiar for Jernbaneverket sitt store fornyingsprogram. Voss, Bulken, Stanghelle, Vaksdal ogbrannskadde Hallingskeid er blant dei som no er i oppstartfasen.

Undergang

— I dag må passasjerane kryssa spora for å nåmellomplattformen. Slik vil vi ikkje ha det, seier Dukan.

No skal det bli undergang under spora, med heisar og rampar,ny mellomplattform med tak over, og det jernbanetekniske skal også fornyast.

Dukan kan også fortelja at eit nytt fjernstyringssystem ersett i prøvedrift på Bergensbanen i dag. Strekninga Bergen - Myrdal skal veraferdig i løpet av neste år.

Harvore nervøs

Ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik vedgår at dei mange utsetjinganeav arbeidet på stasjonen har gjort henne nervøs for at det aldri skulle blinoko av. Difor er ho glad i dag. No har statsråden sett sitt stempel påarbeidsoppstrarten, og Vossaordføraren er rimeleg trygg på at denne gongen gårdet. Snart slepp ho å uroa seg for mylderet av turistar og andre reisande rundthjørnet.

Busstasjonneste

Einar Lutro, stand-in for fylkesordføraren, vil ha nybussterminal også. Det trengst i knutepunktet for Sogn og Hardanger. Sjølvkøyrer han bil frå Lofthus og tek toget frå Voss til Bergen.

— Når Hardangebrua og Vossapakko er ferdig, blir det endaraskare, reklamerer leiaren for bompengeselskapet for brua.

Grovgreitt

Under tett instruksjon av maskinkøyrar Brede Hirth grovstatsråden ein grabbfull sand på anleggsområdet, løfta det til vêrs, og fekkapplaus då greidde å tøma det ut att.

— No skal det bli trivelegar for alle passasjerane, betreinformasjon, betre for pendlarane, og ny teknisk installasjon, seierstatsråden.

Sei meininga di i kommentarfeltet under!

SMILER TAPPERT: – Er nokon uroa over det som no skal skje, så deler eg uroa med dei, seier statsråden i førarsetet på gravemaskinen.
ARNE HOFSETH