— Kor lenge denne postillen har vore i slekta sitt eige, er det ingen som veit. Men eg veit at besteforeldra mine i Sagvåg, Jørge og Anna Ness, hadde han, og at mor mi sidan arva postillen, seier Odd Ståle Eskaland, som overrekte den eldgamle boka til biblioteket.

Tittelark og trykkedato er borte, men våpenskjoldet til kong Fredrik V står på omslaget.

— Derfor vil eg tru at boka er prenta på midten av 1700-talet. Fredrik var nemleg konge i den dansk-norske riket frå 1746 til 1776, fortel historikar Anstein Lohndal til Sunnhordland.

Stord folkebibliotek har teologiske bøker frå 1800-talet, men ingen så gamle som denne postillen.