Kle ekstra godt på barna i vinter, må bli rådet til foreldre i bergensområdet. Etter det BT kjenner til, vurderer nemleg fleire skular i Bergen å senke temperaturen i klasseromma, fordi dei må spare pengar.

— Å sjå for seg bildet av barn med skjerf og lue i klasserommet er rystande, seier Ingvill Arnesen, mor til to barn ved Bønes skole, og medlem i Foreldrenes Arbeidsutvalg (FAU) og samarbeidsutvalet på skulen.

Bønes skole er ein av skulane i Bergen som vurderer å senke temperaturen til 19 grader i alle rom for å spare pengar. Årsaka er at skulen må barbere budsjettet med vel 425.000 kroner berre i haust.

Andre spareforslag som er sendt ut til samtlege foreldre ved Bønes skole er stopp i innkjøp av bøker, leiker, utstyr og materiell, samt dårlegare reinhald, reduksjon av støttetimar og restriktiv vikarbruk.

- Som å leve i eit u-land

— Sjokkerande, meiner Stig Bredvei, som er far til to barn på Bønes skole.

— Min umiddelbare reaksjon på spareforslaga er at Norge er blitt eit fattig land. Å måtte kle på barna dine ekstra godt før dei går på skulen er jo som å leve i eit u-land, seier Bredvei til BT. Ein av dei siste dagane i juni fekk rektor ved Bønes skole, Karin Bruland, vite at ho må spare pengar tilsvarande 2,8 lærarstillingar på haustbudsjettet. No har ho gått gjennom driftsbudsjettet med lys og lykte for å kutte ý og kutte igjen.

— Dette er det tøffaste eg har vore med på som rektor. Du kan trygt seie at vi kjempar for å halde entusiasmen oppe, seier Bruland.

Ho vil ikkje ut med kva skulen kan spare på å senke innetemperaturen, men understrekar at det er hennar plikt å leite etter innsparingsmoglegheiter på alle budsjettpostar.

— Eg har ingen andre alternativ enn å kutte i driftsmidlane til skulen. Mitt største ankepunkt er at vi fekk beskjed så seint. Hadde vi visst dette i mai, kunne vi tilsett færre lærarar.

Mobiliserer i Fyllingsdalen

Torsdag ettermiddag er det foreldra i Fyllingsdalen bydel sin tur til å mobilisere. Det skjer når skulebudsjettet skal opp i bydelsstyremøtet.

— Vi går ut frå at fleire hundre foreldre frå samtlege skular i bydelen kjem til å stille, og at dette blir ei mobilisering lik den i Åsane tysdag, seier Ingvill Arnesen til BT.

Andre skular som vurderer å senke innetemperaturen i år er Søreide, og ifølgje ei oversikt i Fanaposten skal også Kringlebotn og Tveiterås skular spare straum for å spare pengar.

(