Vi snakka med to bokmålselevar og tre nynorskelevar om det nye forslaget om å ta bort eksamen i sidemål i grunnskulen. For nynorskelevane betyr forslaget at dei ikkje skal opp i eksamen i bokmål, medan bokmålselevane ikkje skal ha eksamen i nynorsk.

Årets avgangselevar ved Kyrkjekrinsen vert ikkje rørte av forslaget, som er planlagt sett ut i livet mellom 2006 og 2008. Dei har like fullt sterke meiningar.

Hvorfor er det best å ha bokmål som hovedmål? — Det er det språket vi snakker. Vi behøver ikke nynorsk. Det er bare ekstra arbeid for oss som har bokmål. Bokmål er mye lettere å forstå. Nynorsk senker bare snittet i karakterboken.

Hva synes dere om forslaget om å fjerne sidemålseksamen, i deres tilfelle eksamen i nynorsk.

— Vi kan like godt fjerne hele faget. Vi har jo nesten ikke undervisning i nynorsk. Skal nynorsk telle så mye i karakterboken, må vi i alle fall få mer undervisning i det.

Nynorsk har lange tradisjoner i Norge, er det riktig å bygge ned disse? (Her har Ann-Louise og Robin litt delt syn) Ann-Louise: - Det gjør ikke noe om vi fjerner nynorsk. Samfunnet blir moderniserer, og det må språket bli også. Robin: - Jeg synes det er litt viktig å ta vare på språkkulturen. Men skal vi holde på nynorsk, må vi få en skikkelig plan for det, slik at vi lærer det.

2. Kvifor er det best å ha nynorsk som hovudmål?

— Bokmål lærer du i kvardagen gjennom aviser og media elles. Det gjer at vi har gode sjansar til å få betre karakter i sidemål enn dei som har nynorsk som sidemål.

Kva synest de om forslaget om å fjerne sidemålseksamen, i dykkar tilfelle eksamen i nynorsk?

— Dersom målsettinga er å lære sidemålet, hjelp det ikkje å fjerne eksamen. Vi har veldig lite nynorsk i undervisninga slik det er. Fjernar ein eksamen, vil det gjere at vi får dårlegare gjennomsnittskarakter, sidan vi har betre karakter i bokmål. Då er det ikkje sikkert kort interessant det er for oss å velje nynorsk lenger. Eit viktig argument for å velje nynorsk fell bort.

Nynorsk har lange tradisjonar i Noreg, er det rett å byggje ned desse? - Det blir for dumt å berre finne på nye ting heile tida. Det kjem alltid noko nytt, men vi må ta vare på det vi har.

HAR BOKMÅL: Ann-Louise Maurstad (15) fra Flaktveit og Robin Eriksen (15) fra Vikaleitet, begge 10A, har hatt bokmål siden 1. klasse. <p/> FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD
HAR NYNORSK: Kim Blommedal (15) (f.v.) i 10B frå Langarinden, Wibecke Nederhagen Hope (15) i 10B frå Myrdal og Morten Abbedissen (16) i 10A frå Langarinden. Alle har hatt nynorsk frå 1. klasse.<p/> FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD