Kvart år i slutten av april arrangerer Salhus Turn og Idrettslag familietur i nærmiljøet. Løypa går i ein runde frå Bogetveit, eller Baugtveit som det heiter lokalt, til Tellevikfjellet og attende til utgangspunktet. Det er ein tur som er like fin heile året, både før og etter idrettslagets populære arrangement.

Bogetveit ligg som ei lita fjellgrend under mektige Høgstefjellet i den nordvestre delen av Åsane. Ein smal bilveg svingar seg opp frå Hitland. Oppom bakkane ligg bøane vide til innunder skog og ur. I utkanten av jordbrukslandskapet kan ein rett som det er sjå hjort som beitar.

Frå inste huset på Bogetveit tek skogsvegen deg ut i terrenget og fram til Bogetveitstemma (Baugtveitstemma). Herfrå fekk dei ytre delar av Åsane vatnet sitt i tidlegare tider. No tener Bogetveitstemma som reservemagasin.

Stien går på vestsida av Bogetveitstemma gjennom planteskogen og opp i skaret ved Nonsteinen. Her svingar du vestover og fylgjer ryggen fram mot toppen av Tellevikfjellet (391 moh.) Eldsjelene i Salhus Turn og Idrettslag brukar kvart år mykje tid på å halda stien ved like, så her er for det aller meste greitt å ta seg fram.

Frå toppen er det storslått utsikt i alle retningar og langt til havs.

Turen held fram mot sør, og når du kjem til kanten av Tellevikfjellet, har du Bogetveit under deg att. Ved stidelet ved foten av fjellet tek du til venstre ned att til utgangspunktet.

Her ser du turen på kart:

BAUGTVEIT I OKTOBER: Ein nydeleg stad.
Ann-Christin Alfheim Gade