Berre i Hordaland har 90.000 ungdommar sikra seg kortet som gir fri bruk av rutebuss i fylket for 380 kroner månaden. Men fylkeskommunen handhevar strengt nedre aldersgrense 16 og øvre grense 20 år.

— For oss gir det fleire tusen kroner i ekstrakostnad i buss fram til jul i høve til familiar der ungdommane har fylt 16, seier Solveig Haktorson i Ølve i Kvinnherad.

I haust har familien Haktorson Nerhus to born på Norheimsund vidaregåande skule i Kvam - tvillingane Birte og Ola. Dei fyller ikkje 16 før 20. desember. Med fire kilometer mellom hybel og skule går dei også glipp av fylkets tilbod om gratis skuleskyss, der nedre grense er seks kilometer.

— Vi får ein del klager på dette. Og frå i år har dei som fyller 16 i løpet av hausten tilbod om eit rabattert Ungdomskort til 1600 kroner for fem månader, mot at dei seier frå seg retten til gratis skulereisekort, seier Rolf Rosenlund, nestleiar ved Hordaland fylke sitt samferdslekontor.

Men heller ikkje den rabattordninga oppnår 15-åringar med kortare skuleveg enn seks kilometer. Som Birte og Ola Haktorson Nerhus

Ikkje dispensasjon

— Det burde vore gitt dispensasjon slik at alle i den vidaregåande skulen får Ungdomskortet, meiner Solveig Haktorson.

Rolf Rosenlund seier at Ungdomskortet er ei dyr ordning for fylkeskommunen, og at politikarane ikkje har opne for å gje dispensasjon på alder.

Ordninga kostar Hordaland rundt 20 millionar kroner i året. Nabofylka Rogaland og Sogn og Fjordane har også Ungdomskort for same aldersgruppa, i desse fylka kan kortet også nyttast på ein del snøggbåt- og ferjeruter.

— 15-åringane reiser på barnebillett. Men med heimreiser i helgane og ein og annan bytur gir det store utslag i forhold til Ungdomskortet. Med 480 kroner månaden i utgifter til skulebuss og ein tilsvarande sum til heimreise, gir det ein meirkostnad på 580 kroner månaden pr. 15-åring i forhold til Ungdomskortet. Det er urettvist å straffa dei fordi dei er unge, meiner Solveig Haktorson.

KJEM TIL KORT: Tvillingane Birte og Ola Haktorson Nerhus har langt høgare utgifter til buss enn Mats Fosse Haraldsen (t.v.) berre fordi Birte og Ola fyller 16 år først i desember. Alle tre Ølve-ungdommane bur på hybel i Norheimsund der dei i haust tok til på vidaregåande skule.<br/>Foto: OVE ARNE OLDERKJÆR