Torsdag 9. aug. kunne NRK melde at Senterparti-ordførarane Jenny Følling og Nils Gjerland kritiserte Siv Jensen for at ho hadde påpeikt behovet for betre vegar under besøket sitt her i fylket. Dei meinte at dette var bare dumt å ta opp som sak så lenge vegløyvingane kjem frå sentralt hald, og dette er ein lokalvalkamp.

Kritikken frå desse to Sp-politikarane forundrar meg, spesielt ettersom desse to også er medlemmer av fylkestinget og veit at fylkestinget både uttaler seg om Nasjonal Transportplan og rammene for dei årlege riksvegbudsjetta.

Så seint som i juni gjorde nemleg fylkestinget eit slikt samrøystes vedtak: ”Fylkestinget vil påpeike at framlegget til løyvingar til stamvegane og riksvegane i fylket er på eit uakseptabelt lågt nivå (mi utheving). Fylkestinget viser og til etterslepet i vedlikehaldet og krev auke av desse midlane slik at etterslepet blir redusert. Fylkestinget føreset at vegsektoren i åra framover vert tilført auka midlar slik at allereie vedtekne prosjekt ikkje vert skubba ut i tid. Dagens råmer dekkjer ikkje behovet verken for investeringar og vedlikehald.”

Vidare veit vi at sitjande samferdsleminister frå Senterpartiet har sagt ved mange høve at når det gjeld riksvegløyvingane, legg ho avgjerande vekt på kva lokale folkevalde organ ( les fylkestinget) seier. Ut frå dette meiner eg at utsegnene til dei to fylkestingsrepresentantane frå Sp kjem i eit underleg lys. Det må då vere bra at rikspolitikarane blir kjende med utfordringane vi har på sektoren. Då må dei og få lov å gjere seg opp ei meining om dette og uttale seg om det.

Det vil undre meg om ikkje Senterpartiet har noko om desse spørsmåla i fylkestingsprogrammet sitt, på same måten som det vil undre meg om ikkje Liv-Signe Navarsete og Erling Sande snakkar om dette når dei no skal drive valkamp i fylket. Eg skal følgje spent med!

I tillegg kan det visst vere naudsynt å minne Jenny Følling og Nils Gjerland om at det også er noko som heiter fylkesvegar, og som heilt og haldent er fylkestinget sitt ansvar. Fylkesvegane inngår som viktige lekkar i vegnettet i fylket. Også på desse vegane er etterslepet på vedlikehald og opprusting stort.

Eg forstår godt at Sp-politikarane ikkje likte at Siv Jensen minte dei på at dei har gått inn for å bompengefinansiere rassikring av Fatlaberget. Dette er i høgste grad eit spørsmål som har med lokalvalkampen å gjere, sidan vedtak om bompengar byggjer på lokale vedtak, m.a. i fylkestinget. Der er det bare Venstre og Frp som har stemt mot slik finansiering.

Det ser ut å vere naudsynt å minne Sp-politikarane om at dei folkevalde er ombod for folket i fylket. Aldri har det vore brukt meir pengar på samferdsle, men staten sin del av dette har aldri vore mindre! Der har samferdsleminister Liv-Signe Navarsete ei stor utfordring som eg vonar ho maktar løyse på ein betre måte i framtida.

_Liv Henjum,

representant i fylkestinget for Venstre og leiar av hovudutval for samferdsle_