Riksveg 572 via Ulvikhøgda får jobben med å ta over trafikken.

Det er synd å seia at den hundre år gamle vegen er veleigna til slik trafikk, men den har i alle fall fått jamn og fin asfalt.

Asfalten er lagt i svært så varierande breidd. Nokre stader er vegen utvida slik at svære vogntog kan møtast, men brått smalnar vegen slik at du må stogga for møtande mopedist. Skilt åtvarar mot veike kantar.

Her kan det bli mykje rygging og herjing.

Varig verdi

Vegen er dei siste par åra opprusta for millionar av kroner som elles ville gått til ferjedrift mellom Kvanndal og Brimnes. (Kinsarvik har for lita kai). Dei som er mest glad, er bygdefolket som brukar denne vegen til vanleg. Ein stein som er reist ved Dale i 1899 fortel høgste punktet ligg 343 meter over havet, og røper samstundes alderen på vegen. Han har ikkje blitt betre i løpet av dei snart 25 åra som har gått sidan Vallaviktunnelen opna.

Tunnelen er felles for riksvegane 7 og 13. No skal Vallaviktunnelen stengjast for utsprenging av ei rundkøyring der midtsirkelen blir ståande som ein gnagd epleskrott inne i fjellet. Herifrå skal ei ny tunnelarm føra trafikk inn på den framtidige Hardangerbrua.

Ekstra lengd

Omvegen over Ulvikhøgda gjer avstanden frå Granvinkrysset til ferja ganske nøyaktig tre gonger frå lang, frå 12 til 36 kilometer. For trafikk via Norheimsund (Rv 7) blir ekstra lengd dermed 24 kilometer, medan ein over Voss (Rv 13) slepp unna med ti ekstra kilometer.

Største utfordringa ligg på dei to mila mellom Holven i Granvin og Brakanes (sentrum) i Ulvik.

Har du vegen for deg sjølv, kan du nok halda 60 kilometer i timen for det meste, det vil seia eitt minutt pr. kilometer. Men møter du nokon på dei smale partia, går tida fort, og møter du køen av bilar som er sleppt i land frå ferja, kan du bli ståande lenge.

Ny yttersving

Største pengane er brukt til å utvida dei brå svingane før og etter bruene ovanfor Holven og ved ungdomshuset Elvatun i Ulvik. Sistnemnde område vert kalla Helvete lokalt, fordi bustadstrøka Paradis og Øvre Paradis ligg rett ovanfor. Ein kostbar betongmur sikrar avkøyrsla frå Helvete til Paradis.

Langt mindre dimensjonar har natursteinsmuren som held massane til ein heimvend Venstreleiar på plass. Sponheimsvingen har fått ny ytre bane, som det heiter på Bislett. På nedsida av svingen kjem utvidinga på innsida. Her kan det vera lurt å venta om eit vogntog er på veg ned gjennom hårnåla.

Det store spørsmålet i dag er kor mange som finn heilt andre vegar medan tunnelen er stengd. Det er spådd merkbar auke på E16 og over Hemsedalsfjellet.