På kaia i Bulandet ligg utdragarane til brua. To seksjonar i stål, kvar på 53 meter. Dei skal skruast fast til brukara på kvar side av sundet. Etterpå skal dei forsterkast med betong. Så skal det ferdige midtpartiet leggjast mellom.

— Ei slik bru har aldri vore bygt før, seier prosjektleiar for fylkesveganlegget Værlandet-Bulandet, Aril Hanekambhaug.

Måtte gje opp

I haust måtte kranbåten gje opp å få på plass dei to utstikkarane frå brufesta. For mykje sjø gjorde at arbeidet måtte avbrytast. I slutten av januar er det truleg klart for nytt forsøk på ein komplisert operasjon.

Men det verkeleg tunge taket kjem likevel når midtspennet skal opp til sommaren. Dette blir den klart største utfordringa på bygginga av det 5,2 kilometer nye vegsambandet.

Som dei andre bruelementa blir også dette bygt ved bedrifta Scan Bridge i Sandnessjøen. Til Bulandet kjem det fiks ferdig på lekter. Sogar med asfalten lagt.

— Då vi bygde brua til Byrknes i Gulen løfte vi på plass 470 tonn. Det var det tyngste vi då visste om. No snakkar vi om 130 tonn meir. Vi er avhengige av godt vêr og stille sjø, seier Hanekambhaug.

Rekordrask

Neste jul får værlendingar og bulendingar den beste julegåva dei kan ønskje seg. Då blir det nemleg opning av fylkesvegen mellom dei to øysamfunna i Askvoll. Åtte-ni månader tidlegare enn rekna med då arbeidet blei sett i gang sommaren 2001. Mot ei ekstrabetaling på to millionar kroner tok entreprenøren på seg å setje fortgang i arbeidet.

Vegbygginga er i godt gjenge. To av dei seks bruene, som alle skal vere blå, er alt på plass. Brukara til dei fire andre ferdige.

— Så langt ligg vi godt innanfor ruta, opplyser Hanekambhaug.

Heile veganlegget var i 2001 kostnadsrekna til 162 millionar kroner.