— Det kjem an på kor snart vi får avtale med grunneigarane, seier konstituert prosjektleiar for anlegget, Tor Arne Thorsen, til Bergens Tidende.

Stortingsvedtaket om å byggja vegen går så langt attende som til 1995. Det sette sluttstrek for ein årelang og rivande strid mellom naturvernarar og vegstyresmaktene, der stridsspørsmålet gjaldt det rike fuglelivet i Ulvenvatnet.

Miljørevisjon av vegprosjektet i 1998 møtte hard kritikk, fordi Statens vegvesen sjølv stod for arbeidet. Men no er det snart klart for anleggsstart, og Tor Arne Thorsen hjå Statens vegvesen lovar vegopning hausten 2005.

Utan bompengar

— Vi skal bruka 20 millionar kroner på anlegget i år. Samla kostnad har vi rekna til 230 millionar kroner, seier Thorsen, som legg til at heile veganlegget har ei lengd på 3,2 kilometer.

Anlegget er dessutan eit av dei svært få i Hordaland i dag som vert bygt med 100 prosent statleg finansiering. Utan verken forskottering aller bompengar.

Langt og bratt

Største føremonane med vegen Moberg-Svegatjørn er innkortinga av vegen mellom Halhjem og Bergen. Anlegget er ein del av E39, Kyststamvegen, og særleg for tungtrafikken vil den nye vegen spara både tid og drivstoff. I dag må trailerar på veg til ferja på Halhjem kvela seg gjennom Os sentrum, og deretter leggja bak seg den lange og svingete bakken opp til Moberg før dei kjem på god veg mot ferjekaien.

Knapt nokon på Osøyri vil sakna tungtrafikken den dagen han svingar inn på vegen langs Ulvenvatnet.

Natursti under brua

I tillegg til rein vegbygging, vert det ein tunnel på anlegget, Liafjellstunnelen mellom Moberg og Ulvenvatnet, med ei lengd på 340 meter. Brua over vatnet får ei lengd på 234 meter. Bruspennet vil strekkja seg inn over land, slik at ein natursti langs vatnet kan passera under brua.

Den mest omstridde biten av anlegget, brua over Ulvenvatnet, vil liggja ca. fire meter over vassflata. Fordi grunnen har dårleg bereevne, må tilsaman 700 meter stålrøyr bankast ned for å få godt nok fundament.

Dyr veg vidare

Når det gjeld framhaldet, med ny veg frå Svegatjørn til Rådal i Bergen, så er det uvisst når dei planane kan verta røyndom. Her skal det byggjast 12,9 kilometer veg, der vel 11 kilometer skal leggjast i tunnel. Kostnaden er rekna til 1,2 milliardar kroner for ein tofelts veg. Dersom det vert kravt firefelts veg, stig prisen til godt over 2 milliardar. Heile dette anlegget må byggjast i eitt byggjesteg, ettersom det ikkje er kryss på vegen mellom Svegatjørn og Rådal.

FOTO OG GRAFIKK: STATENS VEGVESEN OG BENTE LJONES