– Den nye heisen har like stor kapasitet som dei andre heisane våre til saman. Kapasiteten blir dobla, seier dagleg leiar John Ivar Norheim i Myrkdalen Fjellheisar AS, eit selskap i konsernet Voss Fjellandsby.

Sjekk også vår skianleggtest: Voss | Myrkdalen | Eikedalen | Røldal | Furedalen

– Dei to skitrekka som no vert rivne, skal ikkje forlata Myrkdalen. Dei skal setjast opp att, utvida og forsterka heis— og løypenettet vårt, fortel han.

– Kvar vil du plassera dei?

– Det eine får nedre stasjon i nærleiken av Kari Traa-trekket, men går i ei anna retning oppover i fjellet, slik at nye løyper blir utløyst.

Ny tilkomst

Det andre skitrekket skal gi ny tilkomst frå bilveg og opp i området ved nedre stasjon for Kari Traa-trekket. Traséen er ikkje endeleg fastlagt, men utgangspunktet blir truleg i nærleiken av Helgatun.

– Eit alternativ til den nye stolheisen, med andre ord?

– Nettopp. Eit alternativ som er mindre utsett for vind på dårlege dagar, og til supplering elles, forklarer Norheim.

Sett nedafrå vil nedre stasjon på den nye stolheisen koma om lag 30 meter til høgre for Myrkdalsstovo. Øvre stasjon kjem litt til venstre for endepunktet for lengste skitrekket i dag.

Framtenkt

Det nye toppunktet får god avkøyring i tre retningar; ned att til Myrkdalsstovo, over til Kari Traa-trekket, og til løyper langs eit framtidig trekk ovanfor tunet til Norheim. Dette trekket får ikkje tilkomst frå bilvegen. Det skal dra folk opp att til toppen av stolheisen etter aktivitetar i nye løyper som er planlagde til venstre for hyttegrenda, sett nedanfrå.

– Og så er det lansert planar for løyper, heisar og hytter vidare sørvestover heile dalsida, like til Tveito. Kva tid kjem dei?

– Det må nok venta til det er laga ny kommunedelplan.

Les meir lokalnytt på våre nye lokalsider for Voss og omland.

ARNE HOFSETH
ARNE HOFSETH