Til helga er Rallarvegen tilgjengeleg for dei som ikkje vil slita seg opp motbakkar. Frå Hallingskeid går det unnabakke like til Flåm. Den som vil til Myrdal, får ei lita kneik siste biten opp til stasjonen.

Syklande frå Oslo og Austlandet kan ta i bruk Hallingskeid stasjon fredag, med stopp for tog 609 og 610 (Sykkeltoget) melder Jernbaneverket. Toget går frå Oslo om morgonen og returnerar om kvelden.

For sykkelfrelste vestlendingar er det samband berre på laurdagar og sundagar på denne tida av året, og toget er litt kronglete å finna i tidstabellen.

Har du Bergen som utgangspunkt, er problemet at lokaltoget kl. 06.57 ikkje går laurdag og sundag, medan toget frå Myrdal til Hallingskeid berre går desse to dagane i veka på denne tida av året.

Toget er på Hallingskeid kl. 10.18.

Det går og å ta sykkelen på bilen til Voss, og ta toget derifrå klokka 08.30.

For dei som vil toga vestover frå Hallingskeid er avgangstida 1608, og toget heiter 1829 heilt til Voss.

Dagtoga stoppar ikkje på Hallingskeid fordi plattforma ikkje er lang nok. Også Sykkeltoget er lengre enn plattforma, men Jernbanetilsynet har gitt dispensasjon for dette toget. NSB og Jernbaneverket har gjennomført ein tryggleiksanalyse, og hadde venta godkjenning til Spor 1 på Hallingskeid sundag vart ferdig reparert etter brannen, men dispensasjonen kom ikkje før i går.

Det er ikkje søkt om dispensasjon for Dagtoga (601 og 602), og det er uvisst kva tid dei skal stoppa på Hallingskeid att. Dette er einaste heilårstoga som har stoppa ved stasjonen