Tilveksten til Sosialbygget er plassert på tomta der Dolvehuset stod, og som ei tid husa skifabrikk. Det mangla ikkje protestar då det gamle huset vart rive, men det vart langt meir spetakkel då Enkjeheimen vart jamna med jorda.

Fire høgder

Nybygget har fire høgder over gatenivå. Det meste av første høgda har gått med til utviding av Kiwi-butikken som heldt til i det opphavlege, åtte etasjes Sosialbygget frå 70-talet. Også i tredje høgda er det samband mellom nytt og gammalt hus, gjennom eit mellombygg, og dermed direkte samband til eldrekafé og Vossastova.

For eldre

Dei tre andre høgdene inneheld 24 husvære for eldre, varierande frå 30 til 44 kvadratmeter. Husleiga, subsidiert av stiftinga, varierer frå 4500 til 6500 kroner i månaden.

Det er stor rift om husværa. Ventelista er lang. Derimot er det lite rift om garasjeplassane i kjellaren. Sosialbygget eig også garasjeplassar i eit nabohus.

Rundt halvparten av husværa har altan mot syd, dei andre utsyn til liv og røre i Uttrågata.

Dobbeltseng

I utgangspunktet er husværa tiltenkt einslege, men nokre av soveromma har plass til dobbeltseng, med tilkomst til kvar si side av senga gjennom to skyvedører frå stova.

På Enkjeheimstomta syslar ein med tankar om eldrebustader for ektepar, med flytterett til Sosialbygget når ein fell frå.

– Det blir dyrt, men for tida er det von om lågare prisar enn for dette bygget, sa dagleg leiar Hermann Saue.

47,5 millionar

Nybygget har kosta 47,5 millionar kroner. Av dette er prisen på bustadene utrekna til 40,5 millionar kroner.

Under markeringa i dag vanka det blomar til stiftinga og treskurd til prosjektleiar Gunnar Jacobsen i Stor-Bergen Bolibyggelag. Entreprenør Spilde stilte med bilete og Voss Sparebank med kunst til opphaldsrommet, innkjøpt frå same kunstnar som har laga årets fredsprisdiplom.

Får aldri nok

Styreleiar Nils Tveito i Stiftelsen Sosialbygget gledde seg over at det meste av arbeidet er gjort av lokale handverkarar, og kommunalsjef Magne Vassenden sa at kommunen er vinnaren. Det er dyrare å ha eldre buande på institusjon.

– Små husvære i sentrum kan vi ikkje få nok av, sa han.

TOPPETASJEN: Frå venstre prosjektleiar Gunnar Jacobsen i Stor-Bergen Boligbyggelag, styreleiar Nils Tveito og dagleg leiar Hermann Saue i Stiftelsen Sosialbygget ute på altanen framfor dei minste husværa i fjerde høgda. I bakgrunnen litt av det opphavlege Sosialbygget med åtte høgder over gatenivå.
Arne Hofseth
ARKITEKTEN: Ole Christian Børtveit øvst i trappa. Han grunngir slemming og måling av murstein på fasaden med stilen elles på Vangen. Dei fleste husa har mala murpuss.
Arne Hofseth
INNFLYTTINGSKLART: Så snart boskontainaren og stigen er borte, blir det innflytting for dei som er tildelt bustad i tilbygget til Sosialbygget. Dei får lyklane i dag. Til helga skal også rekkverk på balkongar på baksida vera på plass.
Arne Hofseth