TERJE ULVEDAL

Det blir løyvd pengar til kunstmuseum i Førde, idrettshall i Florø, bergkunstsenter i Ausevika, reiselivsmuseum i Balestrand, operabygg på Nordfjordeid, trivselshage på Sandane og skulemoderniseringar i Stryn, Sogndal, Eid og på Sandane.

I tillegg skal det byggjast bru over Brandangersundet, noko som vil gje fastlandssamband til Ytre Gulen. Også veg frå Dingja til Eivindvik i Gulen ligg inne i investeringsplanane dei kommande åra.

Gigantprosjektet Fosshaugane Campus i Sogndal er også med i den fylkeskommunale økonomiplanen. Dette prosjektet skal mellom anna realisere utbygging av Fosshaugane stadion.

Problemet med gårsdagens budsjettvedtak i fylkestinget er at for å få i hamn alle dei store prosjekta, må staten inn. Sjølv om fylkespolitikarane no har sagt at dei vil løyve sin del, er det høgst uvisst kor tid det kan komme tilskot i statsbudsjettet. Dei einaste prosjekta som så langt er fullfinansierte er bygging av Brandangersundbrua og Stryn vidaregåande skule. Skuleutbygginga i Stryn tek til neste år. På Brandangersundbrua blir det etter alle solemerke byggjestart i 2006.