Byrådet går inn for reguleringsplanen for bybanetraséen mellom Nesttun og Lagunen.

Dei har tatt omsyn til ein del av protestane i høyringsrunden, ikkje minst frå næringslivet langs traseen.

I høve til det opphavlege planforslaget får mellom andre Sandven Auto og bensinstasjonen i Fanavegen 2 meir plass.

Planen inneber likevel framleis omfattande inngrep i private eigedommar langs linja. Mellom anna skal 19 bustader rivast, og fleire næringsdrivande mistar delar av eigedommen.

Tidlegare i mai vart det klart at byrådet vil gå inn for at forlenginga av bybanen til Lagunen blir finansiert, trass Frp sin motstand mot bompengar.

Du kan lese meir om reguleringsplanen her.