200 meter over sjøflata i Langenuen vil Gabbro Stone AS sprengja ut eit 500 x 1500 meter stort fjellområde for å eksportera pukkstein. I full drift kan anlegget sysselsetja 30 til 50 personar.

I kveld er det folkemøte om gigantpukkverket. Seinare skal Bergvesenet ta stilling til søknaden, og Fitjar kommune skal vedta reguleringsplan.

Usynleg og synleg

For dei tusenvis av bilistar som susar på E 39 til og frå ferjekaien på Sandvikvåg blir ikkje sjølve steinbrotet synleg. Eit stort kaianlegg nedanfor vegen og lastande og ventande båtar blir derimot lett å få auga på.

Det er folk på Tysnes-sida av Langenuen, på Amland, i Neshamn, Kongsvik og på Flatråker som vil merka inngrepet mest. Dei har derfor sendt protestskriv til både Bergvesenet og fylkesmynde for å stansa planane. Og vil møta mannsterke på folkemøtet på Fitjar i kveld.

«Støy og skipstrafikk er en trussel mot både gammel og ny bosetning», uttalar Flatråker Bygdelag.

Også turlag og naturvernarar har åtvara mot å laga sår i landskapet ved Tindane. Fleire grunneigarar har nølande gjort ein intensjonsavtale med Gabbro Stone AS, som er eigd av Alf Johansson og Arvid Andersen i Sverige og det austerikske investeringsselskapet Kontrast Handel GmbH.

«Meget god» stein

Utbyggjaren karakteriserer kvaliteten på gabbrosteinen i Tindane-området som «meget god» og «velegnet til flere typer bruk». Gabbroen er både seig og slitesterk, og såleis veleigna til bygging av veg og jernbane og til betong og ballast.

Ifølgje konsulentutgreiinga som selskapet Multiconsult har laga for Gabbro Stone, er det samla sett ikkje «avdekket forhold som er kritiske for å etablere steinbruddet».

Ei etablering ved Raunholm vil styrkja næringsgrunnlaget i kommunen, og er i tråd med fylkespolitiske retningsliner. Fitjar har også uttrykt ønskje om å utnytta steinførekomstane sine, påpeikar konsekvensutgreiarane.

Steinbrotet skal drivast som eit kraterbrot i dagen. Avdekkingsmassar skal leggjast til side og førast tilbake saman med vekststoff for å få ny vegetasjon til å dekkja til brotsår i fjellet.

Steinen skal grovknusast ved steinbrotet og førast til utskipingskaien med transportband i tunnel.

Steinbrotet vil totalt dekkja 676.500 rutemeter. Det kan i alt takast ut vel 100 millionar kubikkmeter steinmasse.

STEIN TIL EUROPA: Slik vil steinbrotet i Tindane ovanfor Raunholm og E 39 i Fitjar ta seg ut frå Tysnes-sida av Langenuen.<br/> FOTOMONTASJE: MULTICONSULT AS OG TOR SPONGA