Viltforvaltar Hermund Mjelstad hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier skadefellingsløyvet blir gitt seinast i ettermiddag:

– Vi har no sju tilfelle der bjørn har gått til angrep på sau. Det er ikkje noko problem for oss å tildele fellingsløyve.

Han legg likevel ikkje skjul på at Fylkesmannen helst skulle hatt ferskare spor. Kadavera som blei funne i Viksdalen er frå før helga. Dersom det blir gjort nye funn eller observasjonar, vil løyvet bli gitt straks.

Fast tilhald Rovviltnemnda gjorde det i går klart at dei meiner bjørnen må skytast.

– Denne bjørnen må takast ut. Han kan ikkje få ta fleire dyr, seier leiar for rovviltnemnda i region 1, Norvall Nøringset. Regionen omfattar fylka frå Sogn og Fjordane til og med Vest Agder.

Nøringset meiner det er svært sannsynleg at bamsen som før helga slo fleire dyr i Gaular, er same dyret som har vore i Sogn og Fjordane dei to siste somrane.

– I så fall snakkar vi etter mitt syn ikkje om eit tilfeldig streifdyr. Då er dette ein bjørn som kjem tilbake til Sogn og Fjordane, fordi han kjenner vegen til matfatet. Då skal dyret takast ut, fordi det har fast tilhald i fylket. Og det skal ikkje vere bjørn fast i Sogn og Fjordane.

Dersom bjørnen som i vår har vandra over store delar av fylket, ikkje er den same som har vore i fylket dei to siste åra, meiner Nøringset situasjonen er vel så problematisk. Då kan nemleg fleire bamsar kome på visitt.

Nye kadaver Søknaden om fellingsløyve blei sendt i går. Det skjedde etter at grunneigarane på Hetle i Viksdalen fann to nye kadaver måndag kveld, i tillegg til dei tre som blei oppdaga på dagtid. Alle dei drepne dyra høyrer til sauebonde Leif Hetle. Bjørnen har også skadd ein av søyene hans.

Bør vi ha bjørn på Vestlandet? Si din mening i feltet under!

Terje Ulvedal
Terje Ulvedal