Det er flyselskap i Sverige og Danmark som kjem den ulukkesforfølgde flyplassen i Sunnhordland til assistanse. Først ut er svenske Golden Air med ei avgrensa rute mellom Stord og Gardermoen fram til 4.juli.

11.august startar danske Sun-Air – som opererer for British Airways — med 16 flygingar i veka på den samme ruta. Det vil seia på eitt vilkår; at det blir reist minimum 2,5 millionar kroner i driftsgaranti overfor flyselskapet.

— Alle som har snakka så pent om å fly til og frå Stord, må no koma ut av skapet og leggja pengar på bordet, seier den tidlegare Aker-direktøren Rolf Th. Waage, som har assistert flyplasseigar Stord kommune i arbeidet for å reetablera Oslo-ruta.

Aker har garantert for ein millionar kroner overfor Sun-Air, no blir andre næringsdrivande i Sunnhordland utfordra til å skaffa dei resterande 1,5 millionar kronene.

Garantikapitalen på vel ein halv million kroner overfor Golden Air er alt på plass, opplyser Stord-ordførar Liv Kari Eske-land.

Det er propellfly med 32 og 36 sete som skal nyttast i dei nye rutene mellom Stord og Gardermoen. Golden Air har operert ruta før konkursramma Coast Air. Sun-Air har i Noreg i dag rute mel-lom Oslo og danske Billund, der selska-pet har base.

INNTAR STORD: Sun-Airs fly Dornier 328 skal etter planen fly Stord-Oslo, i British Airways' bunad, frå hausten.
Sun-Air
NYTT LIV: Det blir igjen ruteflyginger på Stord lufthamn.
Bergens Tidende