Fylkesmannen sette foten ned for planen, fordi det var for få barnehageplassar og for mange parkeringsplassar. No er begge problema løyst. Det blir barnehagar, og talet på parkeringsplassar blir kutta frå 470 til 320. – Det vil bli miljømessig fornuftig. Over 90 prosent vil gå, sykle eller ta bybanen til jobb. Under ti prosent vil få parkere, seier Mæland.