– Vi hadde godt med snø fram til sist fredag, og gode voner om å kunne legga løypa heilt fram til Voss Jordbruksskule i Skulestadmo, seier rennleiar Knut O. Dugstad.

Men så kom mildvêret. I dag ser det ut til at målpasseringa må skje oppe på Lemme. Ei ekstra sløyfe oppe erstattar tapt løypelengd.

Tradisjonsrikt

Det er meir enn 58 år sidan første Ørnarrennet, turlangrennet på 25-27 kilometer mellom Oppheim på Vossestrand og Skulestadmo like nord for Voss sentrum. Fem renn gjekk tapt under idrettsboikotten under krigen, og seinare har mildvêr stogga eldsjelene fleire gonger.

Om mildvêret ikkje har ført til avlysing, så har ein mange gonger måtta flytta startpunkt eller mål.

– I år blir starten på Kjønnagard, på sørsida av Oppheimsvatnet, som så mange gonger før. Målet blir sannsynlegvis på Lemme, seier Dugstad.

Sjå også idrottslaget Ørnar si nettside.