I ei måling Sentio Research har gjort for Bergens Tidende, svarar 74,5 prosent av dei spurde at den nye hovudkraftleidningen må leggjast i kabel. 12,8 prosent tykkjer det er greitt med eit tradisjonelt luftspenn. Omtrent like mange veit ikkje.

— Dette er eit veldig sterkt resultat. Eg syns det er kjekt å få så sterk støtte for synet eg har sjølv, seier Bjørn Lødemel. Ordføraren i Hornindal og fylkesleiaren i Høgre er fylkets mest profilerte motstandar av kraftlinja som skal berge nabofylket Møre og Romsdal frå energikrisa.

Historisk inngrep

Eldre menn og veljarane til Sp og Frp har størst toleranse for luftspenn. Men i alle aldersgrupper og politiske parti er det klart fleirtal for kabelalternativet.

— Det som også er gledeleg med denne målinga er at så få har svart «veit ikkje». Når nesten ni av ti har gjort seg opp ei meining, fortel det at saka engasjerer og er viktig for folk, seier Lødemel.

Sjølv har Hornindalordføraren heile tida vore kompromisslaus motstandar av luftspennet.

  • Dette er eit veldig naturinngrep, kanskje det største gjennom tidene i Sogn og Fjordane. I tillegg er politikken forelda på dette området. Det finst ikkje framtidsretta å byggje eit slikt luftspenn.

Straum mot nord

Stor industriutbygging dei siste åra gjer at Møre og Romsdal har underskot på kraft. I Sogn er det derimot kraftoverskot, mellom anna som følgje av at aluminiumindustrien er bygd ned. Målet med kraftlinja er å sende straum frå Sogn og nordover.

Det planlegg Statnett å gjere i eit kring 300 kilometer langt luftspenn. Mastene som skal bere kraftleidningane vil bli opp mot 45 meter høge. Under linja skal det ryddast eit rundt 40 meter breitt belte. Fleire stader skal kraftleidningane krysse verna eller verneverdige område. Frå naturvernhald er planane blitt samanlikna med å byggje motorveg gjennom det mest verdfulle av norsk natur.

  • Det kan ikkje vere tvil om at eit slikt luftspenn vil ha store negative verknader for mange lokalsamfunn. Eg kan ikkje forstå kvifor det ikkje skal late seg gjere å få gjort ei skikkeleg utgreiing der også dei negative konsekvensar blir vurdert, både for turisme og anna næringsliv, seier Lødemel.

Gammal teknologi

Han meiner ny teknologi reduserer differansen i kostnader mellom kabling og luftspenn, og stiller store spørsmål med om det er rett at ei kabelløysing vil koste så mykje meir, slik Statnett hevdar.

  • Vi ser føre oss vesentlege endringar i både produksjons- og forbruksmønster for elektrisk energi. Då må vi også utforme ein ny politikk for korleis straumen skal førast rundt i landet.

Høgreordføraren kan ikkje la vere å sparke til Sp.

  • Partiet har hatt tre energiministrar på rad. Ingen av dei har gjort noko for å få fram nye retningsliner på dette området. Det har vore sørgjeleg å sjå på.
  • Kva syns du om fylkespolitikarane, som trass motstand i kommunane, sa ja?
  • Eg syns dei har vore for passive.
  • Du er førstekandidat for Høgre ved stortingsvalet neste haust? Er det på denne saka partiet skal vinne tilbake stortingsmandatet frå fylket?
  • Nei, vi skal markere oss i mange saker. Men det veljarane kan vere trygge på, er at eg skal føre denne kampen vidare.
?ystein Torheim