Det var vitnene sin dag i Sunnfjord tingrett onsdag, andre dagen av saka mot den 31-årige falske politijuristen. Men eitt vitne mangla, nemleg tiltaltes far som benytta seg av sin rett til å ikkje forklare seg.

Særleg to vitner — tiltalte si søster samt psykologen som har behandla tiltalte etter avsløringa i fjor sommar - bidrog til å kaste lys over kva slags menneske som skjuler seg bak den ufattelege historia.

Pappa-press forklarer ikkje

Press frå ein overambisiøs far kan ikkje forklare kvifor han levde meir enn ti år på ei løgn, meiner psykolog Leif Kennair, som i sitt vitnemål skildra tiltalte som eit heilt spesielt psykologisk tilfelle.

Kennair meiner at 31-åringen har dyssosiale trekk, men ikkje på den måten at han kan karakteriserast som psykopat.

— Det er stor forskjell på denne pasienten og ein vanlig psykopat, sa Kennair i retten.

— For han har ikkje dette vore noko kynisk spel, og han har knapt hatt noko som helst glede av det. Han manglar slett ikkje empati, er ikkje valdeleg eller har vondskapsfulle trekk. Men han har skubba alt det ubehagelege framfor seg, fordi smerten eller ubehaget der og da har fortona seg som verre enn kva konsekvensane av løgnene blir ein gong i framtida. Difor heldt han det gåande i ti år, til studiet var ferdig og heile vegen fram til punktet da han var heilt nøydd til å bli avslørt.

Som daglegdagse døme på den manglande evna til å forholde seg til framtidige konsekvensar, nemde psykologen at 31-åringen ikkje brukar bilbelte. Og i bil lånt av bestemora køyrde han stadig ut og inn av bomringen i Bergen utan å betale.

— Men han er slett ikkje kjenslekald. Når konsekvensane melder seg, har han nett like vondt inni seg som einkvar annan i same situasjon.

Ein begava mann

Kennair hevda at dei personlege trekka er så spesielle at tilfellet ikkje passar inn i noko fagleg dokumentert behandlingsopplegg.

— I behandlinga legg eg vekt på at han må lære, gjennom sine intellektuelle evner, å forholde seg til problema etterkvart, og å takle situasjonane der og da.

Psykologen meiner at han kan ha utvikla desse trekka tidleg i barndommen, og utelukka heller ikkje at noko kan skuldast den organiske hjerneskaden som også har gitt han celebral parese. Ingen kan seie om arv eller miljø har skulda. Kennair peikte på at han alt i gymnastida hadde ein lett omgang med sanningar og skubba problema foran seg, med resultat i så mykje fråvær at han mangla ståkarakter i fleire fag.

— Men no håpar eg sterkt at han får tatt artium og skaffa seg ei utdanning, for dette er ein begava mann, sa psykolog Leif Kennair, som avviste tiltaltes påstandar om farens press som årsaksforklaring, og poengterte at dette heller ikkje hadde var tema under behandlinga.

Tiltaltes to år yngre søster har framleis god kontakt med broren. Aktor Walter Wangberg spurde henne direkte om faren, lensmannen, er ein autoritær type.

— Ja, på mange måtar. Han er ein person ein respekterer og som ein ikkje vil såre. Han er ikkje spesielt streng, og meiner nok ikkje å øve press på nokon. Men han trur så godt om oss barna, har så store forventningar på våre vegne. Eg har aldri følt press til å prove noko, men det kan bror min ha gjort, sa den velutdanna 29-åringen, som bur og arbeider i Oslo.

Gjekk foran andre i politiet

Blant dei andre vitna var politiinspektør Bente Staven, som normalt hadde ansvar for alle tilsetjingar i dåverande Fjordane politidistrikt.

Men tilsetjinga av den tiltalte 31-åringen vart tatt ut av hennar hender, og behandla av politimeister Bjørn Valvik personleg. Han hadde m.a. kontakt med tiltaltes lansmann-far, og fekk også ordna støtta frå Aetat slik at politidistriktet slapp lønsutgifter med den nye juristen.

— Eg var litt snurt då eg høyrde at han var tilsett i engasjementet som politifullmektig, fordi eg hadde ei liste med andre kandidatar som eg kunne tenkt meg å samanlikne han med, sa Staven. - Faktisk hadde eg lovt andre denne jobben, dersom vi hadde ei opning.

Medan ein Spania-ferierande politimeister Bjørn Valvik slapp relativt lett unna vitneeksaminasjonen på telefon dagen før, måtte Staven svare på meir nærgåande spørsmål om ansvaret for fadesen.

— I starten då mistanken meldte seg, følte eg relativt lita støtte frå Valvik i å konfrontere med dette, sa Staven.

— Normalt skulle vitnemåla vore framlagt ved tilsetjinga, men denne prosessen hadde eg ingen kontakt med i dette tilfellet.

— Korleis opplevde du saka, spurde aktor Walter Wangberg.

— Tja, utanfrå ser det vel ut som om eg ikkje har gjort jobben min godt nok, svara politiinspektør Bente Staven, ansvarleg for tilsetjing av juristar ved retts- og påtaleeininga i Florø.