Sauebøndene frå Lindås og Radøy har dyra sine i Stølsheimen og har sankehytte i Modalen. Allereie i går ettermiddag reiste nokre av strilebøndene innover til årets første sankehelg. Andre stader i fylket er dei ferdige med sankinga.

— Fredag er me fullt mannskap, om lag 20 sankarar. Me gler oss til desse helgane, med fine fjellturar og eit godt måltid på sankehytta når dagens økt er over, seier Jarle Helland, nestleiar i Hordaland bonde- og småbrukarlag. Slekta hans har sanka i Stølsheimen sidan 1947.

— Me har ansvar for at heile vårt område vert tømt for sau. Dyra våre er merka med grønfarge ved halefestet, men me tek med oss alle me ser. Så ringjer me til eigaren etterpå, seier Helland.

Det hender at beitelaget får telefonar frå ikkje-saueeigarar som vil vera med på sankinga.

— Det som er viktig, er at dei som er med er i god fysisk form og likar å gå i fjellet. Det vert gjerne dagar på både 10 og 12 timar. Me har diskutert om me burde vera flinkare å invitera med folk - me vert ikkje akkurat fleire sauebønder, seier han.

Både denne helga og neste er det sanking for alle sauebøndene. Men òg dei to helgane etter det står i sauen sitt teikn for mange. Ein vil ha med seg så mange som mogleg av dei 1800-2000 sauene heim. Statistisk taper hordalandsbøndene om lag 4-5 prosent av dyra kvart år.

— Det er haust og mykje folk som ferdast i fjellet. Dersom ein treff sankelag, er det viktig at ein går ut av stien og står heilt i ro, gjerne gøymer seg bak ein stein eller eit tre, til sauene har passert. Minst like viktig er det at bilistar som treff laga, kjører seg raskt ut til sida og stoppar motoren, seier den røynde sauebonden.

NO SKAL DEI HEIM: Dette biletet er frå sanking i Sogndal.<p/>ARKIVFOTO: JAN STEDJE